Nasjonalbiblioteket deler ut 27,5 millionar til biblioteka
28.8.2025 11:55:00 CEST | Nasjonalbiblioteket | Pressemelding
Nasjonalbiblioteket fordeler 27,5 millionar kroner til utvikling av bibliotek og tiltak for leselyst i 2025. Om lag ein tredel av dei 67 søknadane som kom inn, har fått støtte, og dei omfattar bibliotek frå Vadsø i nord til Grimstad i sør.

Prosjekta som får støtte, skal fremje lesing, prøve ut nye samarbeidsformer og styrkje biblioteka som demokratiske møteplassar. Midlane er ein del av løyvingane frå regjeringa til biblioteksektoren.
– Vi held fram satsinga med å styrkje leselyst og leseglede, og her speler biblioteka våre ei nøkkelrolle. Med desse midlane vil bibliotek over heile landet skape eit mylder av aktivitet og engasjement, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Leselyst for alle aldrar
Fleire prosjekt rettar seg mot grupper som tradisjonelt er mindre synlege i biblioteket. Drammen bibliotek satsar på å trekkje fleire vaksne menn inn i biblioteket, medan Grimstad bibliotek styrkjer lesekulturen i vaksenopplæringa gjennom høgtlesingsprosjekt. På Vestre Toten blir ungdommar inviterte til å utforske leseglede gjennom fellesskap og tilhøyrsle.
Leselyststrategien til regjeringa blir òg følgd opp gjennom prosjektet Lesevenn, eit samarbeid mellom storbybiblioteka for å styrkje lesegleda hos barnehagebarn. I tillegg får fylkeskommunane midlar til samarbeid mellom barnehagar og bibliotek, og den nasjonale kampanjen Sommerles er sikra vidareføring fram til 2030.
– Leseglede er noko som må byggjast heile livet. Difor er det viktig at biblioteka utviklar nye måtar å nå både barn, ungdommar og vaksne på, seier Svein Arne Tinnesand, direktør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket.
Biblioteket som demokratisk arena
Biblioteka får òg støtte til prosjekt som utviklar rolla deira som opne møteplassar for demokrati, samtale og debatt.
- Demokratiløftet, eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket og folkebiblioteka i Akershus, Buskerud og Østfold, skal kartleggje og utvikle nye verktøy for biblioteket som demokratisk arena.
- I Innlandet set prosjektet Folkedialog i bibliotek i gang møteplassar som skal bidra til mindre polarisering i samfunnet.
- Vadsø bibliotek og fleire samarbeidspartnarar i Finnmark startar prosjektet Sannhet og forsoning: Store spørsmål - små samtaler, som skal skape samtalar, utstillingar og verkstader med bakgrunn i rapporten frå Sannhets- og forsoningskommisjonen.
– Biblioteka er ein av dei få arenaene der alle kan møtast fritt og likeverdig. Gjennom prosjekt som stimulerer til samtale og refleksjon, bidreg biblioteka til å styrkje både fellesskap og ytringsfridom. Frå Vadsø i nord til Grimstad i sør ser vi korleis biblioteka utviklar tiltak som er tilpassa lokale behov. Det viser mangfaldet og styrken i den norske biblioteksektoren, seier Tinnesand.
Du finn ei oversikt over tildelingane nederst.
Kontakter
Nina BræinPresseansvarligNasjonalbiblioteket
Tel:95 15 09 12presse@nb.noSvein Arne TinnesandAvdelingsdirektør for bibliotekutvikling Nasjonalbiblioteket
Tel:48 26 12 17svein.tinnesand@nb.noDokumenter
Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
To festivaler, ny Strid-sesong, norsk spillhistorie og matkultur på Nasjonalbiblioteket i høst19.8.2026 10:45:00 CEST | Pressemelding
Kjøkkenet er tema for årets Håndverksfestival, Nasjonalbiblioteket lanserer en helt ny festival om musikk, og norsk matkultur løftes i en ny arrangementsserie. Historiepodkasten Strid kommer med ny sesong, og serien om norsk spillhistorie fortsetter. Seksualopplysning, middelalderbyer, kart, demokrati og polsk kultur i Norge står også på programmet. Hasse Hope, Marte Michelet, Åse Røthing, Christina Wong, Halvar Ellingsen og May Linn Clement er blant dem publikum kan møte på Nasjonalbiblioteket denne høsten.
Nye språkmodeller fra Nasjonalbiblioteket skal styrke KI tilpasset norske forhold10.8.2026 12:08:26 CEST | Pressemelding
Nasjonalbiblioteket har lansert de første språkmodellene på bokmål og nynorsk som er trent på opphavsrettsbeskyttet tekst fra norske aviser. Modellene er utviklet for å bidra til at kunstig intelligens som brukes i Norge, bygger på norske språk, norsk kultur og kunnskap om norske forhold. Med dette tar Norge en lederrolle i å gjøre språkmodeller fritt tilgjengelige etter trening på lisensiert opphavsrettsbeskyttet materiale.
Invitasjon: Lansering av første språkmodeller trent på opphavsrettsbeskyttet tekst fra norske aviser4.8.2026 14:45:00 CEST | Presseinvitasjon
Nasjonalbiblioteket inviterer til lansering av et nytt sett norsktrente språkmodeller i Borealis-serien. For første gang er opphavsrettsbeskyttet tekst fra norske aviser brukt i både grunntrening og fintrening av språkmodeller på bokmål og nynorsk. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung deltar på lanseringen.
Fleire enn nokon gong bruker biblioteka i Noreg18.6.2026 09:21:19 CEST | Pressemelding
Folkebiblioteka sette nye rekordar i 2025, med 27,9 millionar besøk og 8,3 millionar utlån av bøker for barn og unge. Nye tal frå Nasjonalbiblioteket viser at biblioteka står sterkt som møteplass, kulturarena og kjelde til leseglede over heile landet.
Ny statistikkløysing gir betre innsikt i kva Noreg les12.6.2026 11:30:00 CEST | Pressemelding
Ei ny nasjonal statistikkløysing for utlån i folkebiblioteka er no tilgjengeleg for alle. For første gong blir det mogleg å sjå kva for enkelttitlar som til kvar tid blir lånte gjennom norske folkebibliotek.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom