Desember enda 3 grader over normalen
5.1.2026 10:53:21 CET | Meteorologisk institutt | Pressemelding
Julemånaden desember ble varm og våt i nord og snøfattig i sør.

Det kom 25 prosent meir nedbør enn normalt, og månaden vart difor den 9. våtaste desembermånaden som er registrert i måleserien som går attende til 1901.
Den høgaste temperaturen vart registrert i Tafjord den 15. desember med 17,6 grader.
– Månaden føyer seg inn i rekka av milde vintermånader dei siste åra. Dette forventar vi meir av i åra som kjem grunna den menneskeskapte globale oppvarminga, seier klimaforskar Jostein Mamen.
Det ble i tillegg sett 22 rekordar for høg månadstemperatur.
Les meir i rapporten her.
Varm desember i Sør-Noreg
I Nord-Noreg var månaden for det meste “Normal, mild” og “Varm”. I Sør-Noreg var måneden i all hovudsak “Svært varm” med innslag av nokre “Varme” og “Ekstremt varme” område.
Dei varmaste stasjonene var:
- Ytterøyane fyr (Kinn, Vestland) 7,9 °C (3,0 °C over normalen)
- Røvær (Haugesund, Rogaland) 7,6 °C (3,2 °C over normalen)
- Utsira fyr (Utsira, Rogaland) 7,5 °C (2,9 °C over normalen)
- Slåtterøy fyr (Bømlo, Vestland) 7,5 °C (2,9 °C over normalen)
- Fedje (Fedje, Vestland) 7,5 °C (3,1 °C over normalen)
- Svinøy fyr (Herøy, Møre og Romsdal) 7,5 °C (2,4 °C over normalen)
Dei kaldaste stasjonene var:
- Karasjok - Markannjarga (Karasjok, Finnmark) -12,1 °C (0,1 °C under normalen)
- Kautokeino (Kautokeino, Finnmark) -11,6 °C (0,2 °C over normalen)
- Sihccajavri (Kautokeino, Finnmark) -10,8 °C (likt med normalen)
- Cuovddatmohkki (Karasjok, Finnmark) -10,8 °C (0,6 °C over normalen)
Mindre snø i sør
Ved utgangen av månaden var det store områder i Sør-Norge som hadde mykje mindre snø enn normalt. Trøndelag og Nord-Norge fekk meir snø enn normalt.
På landsbasis fall det 25 prosent meir nedbør enn normalt, og månaden vart den 11. våtaste desembermånaden som er registrert i måleserien som går attende til 1901.
I Nord-Norge var desember stort sett “Normal”, for det meste på den våte sida, men delar av Finnmark hadde ein “Ekstremt våt” månad.
Dei våtaste stasjonane var:
- Kvineshei - Sørhelle (Kvinesdal, Agder) 568,6 mm (84 % mer nedbør enn normalt)
- Flekkefjord (Flekkefjord, Agder) 560,0 mm (113 % mer nedbør enn normalt)
- Gullfjellet (Bergen, Vestland) 558,4 mm (10 % mer nedbør enn normalt)
Gjennomsnittet av største månadsnedbør i desember i normalperioden 1991-2020 er 549 mm.
Dei tørreste stasjonene var:
- Skjåk II (Skjåk, Innlandet) 13,7 mm (47 % mindre nedbør enn normalt)
- Skjåk (Skjåk, Innlandet) 18,9 mm (43 % mindre nedbør enn normalt)
- Otta - Skansen (Sel, Innlandet) 19,3 mm (ingen normal ennå)
Største døgnnedbør var 97,0 mm, og vart registrert den 15. på Kvineshei - Sørhelle (Kvinesdal, Agder). Gjennomsnittet av største døgnnedbør i desember i normalperioden 1991-2020 er 116 mm.
Varmt i Arktis
I Arktis ble Jan Mayen den varmaste stasjonen i desember med ein gjennomsnittstemperatur på 0,4 grader, som er 2,9 grader over normalen. Saman med åra 1984 og 2002 er det den 3. varmaste desembermånaden på stasjonen i måleserien som går attende til 1921.
Jan Mayen målte også månadens høgaste maksimumstemperatur i Arktis. Den 25. desember ble det målt 7,1 grader på stasjonen.
Kontakter
Klimavakten:
klimavakten@met.no
Telefon: 480 66 358
Bilder



Dokumenter
Lenker
Følg pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Meteorologisk institutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Øyvind Breivik blir direktør for Havdivisjonen ved MET7.8.2026 09:03:26 CEST | Pressemelding
Øyvind Breivik har takka ja til stillinga som direktør for Havdivisjonen ved Meteorologisk institutt. Han kjem frå stillinga som avdelingsleiar for oseanografi og maritim meteorologi ved instituttet.
Store kontrastar prega juli3.8.2026 15:08:29 CEST | Pressemelding
Juli baud på store kontrastar. Medan nedbøren viste store regionale skilnader med både uvanleg tørre og uvanleg våte område, fekk delar av Sør-Noreg ei hetebølgje midt i månaden. Samstundes var store delar av Europa prega av langvarig varme, tørke og skogbrannar.
Beredskap ved farlig vær: råd til arrangører31.7.2026 10:40:47 CEST | Pressemelding
Når Meteorologisk institutt sender ut farevarsler om farlig vær, er målet å gi samfunnet et godt beslutningsgrunnlag. Farevarslene beskriver været som er ventet, hvor det vil ramme, og hvilke konsekvenser det kan få. Beslutningen om å avlyse, utsette eller gjennomføre et arrangement ligger hos arrangøren.
Varmen gjer tørken i Europa langt meir alvorleg24.7.2026 11:04:31 CEST | Pressemelding
Ekstrem varme er no den viktigaste årsaka til dei alvorlege tørkeperiodane Europa opplever. Menneskeskapte klimaendringar gjer at jorda tørkar raskare ut, sjølv i område der nedbøren ikkje har blitt vesentleg mindre, seier ny studie.
Juni var varm på fastlandet og rekordvarm på Svalbard1.7.2026 13:47:58 CEST | Pressemelding
Etter en varm avslutning, endte juni som den syvende varmeste i måleserien som går tilbake til 1901. Det ble også registrert mange rekorder på Svalbard.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom