Bønder får støtte til tuberkulosetesting
22.1.2026 12:40:43 CET | Norges Bondelag | Pressemelding
-Norske forbrukarar skal vera trygge på at maten er trygg og at dyra blir godt ivaretekne. Difor er det viktig at bøndene får støtte når dei legg ned ekstra arbeid i testinga, seier Ståle Hustoft, fylkesleiar i Rogaland Bondelag.

Rogaland Bondelag og Vestland Bondelag har fått tildelt 200 000 kroner frå Bærekraftfondet, eit fond etablert av Norges Bondelag og Gjensidige for å støtta førebyggjande og berekraftige tiltak i landbruket. Midlane skal brukast til å redusere kostnadene bønder som deltek i Mattilsynet sitt landsomfattande program for tuberkulosetesting av storfe.
Bønder som har hatt behov for ekstra mannskap under testinga kan søkja om 3000 kroner i støtte.
Testing for frisk buskap
Bakgrunnen er utbrotet av storfetuberkulose i 2022. Mattilsynet gjennomfører no eit omfattande overvåkings- og kontrollprogram for å kartleggja smittestatus og sikra at Noreg held på fristatus.
Storfetuberkulose er ein alvorleg sjukdom. Testing og kontroll er derfor heilt avgjerande for å oppdage eventuell smitte, hindra spreiing og ta vare på tilliten til norsk matproduksjon.
Stor innsats på gardane, med velferd og tryggleik i fokus
Tuberkulosetesting av storfe krev mykje praktisk handtering av dyr. Alle dyr over seks veker må fikserast og handterast to gonger, med tre døgn mellom. Testing blir gjennomført av Mattilsynet, men bonden må stilla med naudsynt mannskap til flytting og fiksering av dyra.
Når mange dyr skal handterast på kort tid, er det viktig med nok folk og gode rutinar. Det handlar både om trygg gjennomføring, god dyrevelferd og å redusere risiko for skadar på både dyr og folk.
For mange bønder betyr testinga ekstra arbeid, meir risiko og auka kostnader, særleg der det er behov for fleire folk enn det som vanlegvis er i drift.
Støtte frå Bærekraftfondet
-Dette er ikkje testing berre for bonden si skuld. Dette er eit felles samfunnsansvar for å halda alvorleg smitte borte frå norsk buskap. Enkeltbønder kan ikkje bli ståande åleine med ekstrarekninga og risikoen når jobben vert gjort for felleskapet, seier Bodhild Fjelltveit, 1. nestleiar i Norges Bondelag.
- Eg er glad for at den mellombelse ordninga er på plass for dei som no blir testa i Agder, Vestland og Rogaland. Testinga vert etterkvart utvida til andre deler av landet og Bondelaget held fram arbeidet med å få betre rammer for gjennomføringa slik at alle kan få hjelp, seier Fjelltveit.
Leiaren i Rogaland Bondelag uttrykkjer lettelse over at tiltaket er på plass, men ønskjer likevel å understreka at støtteordninga kun er eit steg på vegen for ei konkret avlastning for bonden. – Me meiner Mattilsynet ikkje har heimel, korkje i forskrift for hold av storfe eller Matlova, til å krevja at bonden skal bidra med meir mannskap enn dei som vanlegvis er involvert i drifta. Dette er ein kostnad som burde vore dekka av Mattilsynet, understrekar Hustoft, og legg til at Mattilsynet må få tilstrekkeleg ressurser til dette.
Fylkesleiaren i Rogaland foreslår at Mattilsynet sine testteam også inkluderer personell til å bistå med sikker og effektiv handtering av dyr.
-Skal testinga vera trygg og forsvarleg, må det også vera nok ressursar til å gjennomføra ho. Det vil tena både dyrevelferda og gjera dyrehandteringa tryggare for folk, seier Hustoft.
Tuberkulose hos storfe (storfetuberkulose)
Storfetuberkulose er ein smittsam bakteriesjukdom som i hovudsak rammar storfe, men som også kan råka andre dyr. Sjukdommen utviklar seg gradvis og kan vera vanskeleg å oppdaga tidleg.
Storfetuberkulose er ein zoonose, det vil seie at smitte i enkelte tilfelle kan gå mellom dyr og menneske. Dette er ein viktig grunn til at sjukdommen blir følgt opp med testing og kontroll.
Sjukdommen kan gi svekka allmenntilstand, redusert tilvekst og lågare produksjon. Over tid kan dyret tapa vekt. Dersom lungene er påverka, kan det oppstå hoste og pustevanskar. Sidan symptoma ofte kjem seint i sjukdomsforløpet, er testing avgjerande for å avdekkja smitte.
Smitte skjer oftast gjennom nærkontakt mellom dyr. I fjøs og andre tronge miljø kan smitte også overførast via luft i form av små dropar frå pust og hoste. Risikoen for spreiing aukar ved tett samhald og mykje handtering av dyr.
Kvifor arbeidet er viktig
Noreg har fristatus for storfetuberkulose. Testing og kontroll er viktig for å sikra:
god dyrehelse, dyrevelferd og trygg handtering av dyr
trygg arbeidskvardag for dei som jobbar med dyr
tillit til norsk storfehald og norsk matproduksjon
Nøkkelord
Kontakter
Bodhild Fjelltveit1. nestleder Norges Bondelag
Tel:90985932bodhild.fjelltveit@bondelaget.noStåle Hustoftleder Rogaland Bondelag
Tel:900 26 142Om Norges Bondelag
Norges Bondelag arbeider for å bedre vilkårene for landbruket og synliggjøre landbrukets betydning for samfunnet. Bondelaget er partipolitisk uavhengig og den ledende organisasjonen for næringspolitikk og service i landbruket. Med i underkant av 60.000 medlemmer, om lag 500 lokallag, 14 fylkeslag, gode politiske kontakter og høy faglig kompetanse er vi en sterk organisasjon.
Følg pressemeldinger fra Norges Bondelag
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges Bondelag på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges Bondelag
Norsk matberedskap er for sårbar: Krever nasjonalt matberedskapsråd for hele verdikjeden24.6.2026 13:49:02 CEST | Pressemelding
Norges Bondelag, NHO Mat og Drikke og Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) mener dagens beredskapsarbeid er for smalt. Organisasjonene ber regjeringen snarest etablere et nasjonalt matberedskapsråd for hele verdikjeden, fra jord og fjøs til industri, transport og butikk.
Østfoldbonde hedres med God Bonde-prisen11.6.2026 15:16:55 CEST | Pressemelding
Grisebonde Anne Kristin Syverstad fra Rakkestad er tildelt prisen God Bonde 2025 for innsatsen hun gjør for fellesskap, trygghet og stolthet i svinenæringa.
Hilde Wågan Olsen inn i styret i Bondelaget11.6.2026 14:56:53 CEST | Pressemelding
Hilde Wågan Olsen (41) fra Nordland er valgt til styremedlem i Norges Bondelag. Olsen bor på Sømna der familien driver med melkekyr.
Erlend Fiskum nytt styremedlem11.6.2026 14:40:33 CEST | Pressemelding
Erlend Fiskum (47) fra Grong i Trøndelag ble i dag valgt inn i styret i Norges Bondelag.
Konrad Kongshaug gjenvalgt som 2. nestleder11.6.2026 14:00:20 CEST | Pressemelding
– Skal flere unge tørre å gå inn i næringa, må vi levere politikk som merkes på gårdene, sier Konrad Kongshaug.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom