7 millionar til mellomalderhus i fem fylke
19.2.2026 07:00:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
Den rike bygningsarven frå mellomalderen får no utbetalt 7 millionar i tilskot.

For 2026 har Riksantikvaren fått søknader frå Telemark, Agder, Innlandet, Rogaland og Vestland.
– Noreg har eit stort ansvar for å ta vare på mellomalderhusa våre. Det er berre Japan som har fleire tømmerbygningar enn oss frå denne perioden. Med meir regn og varmare klima får vi heilt nye utfordringar, og det er derfor viktig at vi støttar eigarane i å ta vare på dei eldste bygningane våre, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
I år søkte eigarane om i alt 11,3 millionar kroner, noko som er ein nedgang frå litt over 13 millionar i 2025. Det er likevel langt meir enn i 2024, der søknadssummen var på vel 7 millionar. 700 000 av årets utbetaling er lova frå 2025, medan det er 6,25 millionar i friske tilskot.
– Vi heiar på eigarane, fordi bruk er det beste vern, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Mange trur kanskje at mellomalderbygningane berre finst på museum, men det er faktisk mange som er eigd av privatpersonar.
– Det betyr også at tilskota betyr mykje for folk som eig eit ekstra gammalt hus, og vi veit at eigarane både er stolte av- og har vilje til å ta vare på kulturarven på vegner av oss alle, seier ho.
Aukar kunnskap om byggjemåtane til mellomalderen
Dei fleste mellomalderbygningane i Noreg ligg i Telemark, Vestland, Agder, Buskerud, Innlandet, Møre og Romsdal, Rogaland og Vestfold.
Alle bygningar i Noreg frå før 1537 er automatisk freda, og totalt har vi litt over 250 tømmerhus frå mellomalderen, utanom stavkyrkjene. I resten av Europa er det få gamle laftehus å finne utanfor landegrensene våre.
– Den beste læringa skjer i praksis, og vi ønskjer å påskjønne prosjekt som kombinerer konkrete resultat for eigaren og auka kunnskap for handverksfaga, seier Geiran.
– Vi støtter både istandsetjing og kunnskapsutvikling for å ta vare på arven frå mellomalderen.
– Det er framleis mykje vi ikkje veit om byggjeskikken til mellomalderen, og vi er opptekne av å styrkje handverket, slik at fleire handverkarar kan bidra til å setje i stand mellomalderbygningane i framtida.
Midlane går via fylkeskommunane, som fordeler pengane til kvar enkelt søkjar. Nokre fylkeskommunar har igjen tilskotsmidlar frå tidlegare år, slik at det er fleire private eigarar som vil få dekt prosjekta sine enn tilskotsmidlane frå Riksantikvaren i år tilseier.
Tabell med oversikt
| Fylkeskommune | Søknadssum | Tilskudd |
| Agder | 2719000 | 1695000 |
| Innlandet | 3707913 | 1760000 |
| Rogaland | 460625 | 295000 |
| Telemark | 3616200 | 2170000 |
| Vestland | 822039 | 330000 |
| Samlet | 11325777 | 6250000 |
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder





Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Enklere å spare strøm i freda bygninger21.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Varmepumper er effektivt for å spare strøm og klimautslipp, og det er skånsomt for freda bygninger. Nå mener Riksantikvaren at også flere kirker kan vurdere varmepumper.
Enklare å spare straum i freda bygningar21.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Varmepumper er effektivt for å spare straum og klimautslepp, og det er skånsamt for freda bygningar. No meiner Riksantikvaren at også fleire kyrkjer kan vurdere varmepumper.
Skal lage nytt forslag til områdefredning15.4.2026 10:49:20 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren har laget en ny versjon av fredningsforslaget til området rundt Bergenhus festning. Nå blir det en rekke dialogmøter i Bergen.
Riksantikvaren: - gir fem forskningsoppdrag i 202613.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå er lista over hvem som får årets forskningsoppdrag fra Riksantikvaren klar.
Riksantikvaren_ - gir fem forskingsoppdrag for 202613.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No er lista over kven som får årets forskingsoppdrag frå Riksantikvaren klar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom