Eksportvekst i Vestland
12.3.2026 16:11:59 CET | Innovasjon Norge | Pressemelding
Norsk eksport utanom olje og gass var i 2025 på eit historisk høyt nivå. Vestland er framleis Noregs største eksportfylke.

I 2025 eksporterte Vestland for 245 milliardar kroner utanom olje og gass. Det er ein auke på 5 prosent frå 2024.
Norsk eksport utanom olje og gass var på 1 400 milliardar kroner i 2025, ein auking på 6 prosent frå 2024.
Tala kjem frå Eksportmeldinga, som er utarbeida av Menon Economics på oppdrag frå Innovasjon Noreg, Eksfin og LO.
Fylkestall
Om lag 35 prosent av eksportinntektene i Vestland kjem frå maritim næring, medan sjømat og kraftindustri står for 15 prosent kvar.
Den klart største eksportkommunen er Bergen, deretter Årdal og Askøy.
Dei største eksportbedriftene utanom olje og gass og kraftindustri, er Hydro Aluminium Årdal, Odfjell Chemical Tankers og Aker Solutions Stord.
– Vi har lagt bak oss eit krevjande år med ei uroleg verd og skiftande rammevilkår, men likevel har eksportveksten halde fram òg i 2025. Vestland er det viktigaste og største eksportfylket i Noreg, og det kjem vi òg til å vere dei neste åra, seier leiar for Innovasjon Noreg i Vestland, Ingar Valvik.
Nasjonale tall
Total eksport i 2025 var på 2 500 milliardar kroner. Det gjer 2025 til det nest beste året for norsk eksport nokon sinne.
Dersom vi ser bort frå olje- og gassnæringen er det maritim næring som eksporterte mest i 2025, med ein samla eksportverdi på 273 milliardar kroner.
Sterkast vekst i eksport var frå forsvarsindustrien, kraftnæringa og reiseliv.
Som i tidlegare år er det vestlandsfylka som står for den største delen av norsk eksport i 2025. Dei tre vestlandsfylka Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal, sto samla for 40 prosent av eksporten utanom olje og gass.
Kontakter
Anders VinnoggKommunikasjonsrådgiver
Tel:93 669 204anders.vinnogg@innovasjonnorge.noBilder




Dokumenter
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Røros og Østerdalen får bærekraftmerke – reisemål nummer 50 i Norge5.6.2026 08:58:36 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge har tildelt Røros og Østerdalen Merket for Bærekraftig reisemål. Samtidig nås en milepæl med reisemål nummer 50 i den nasjonale merkeordningen.
Innovasjon Noreg får to nye styremedlemmar19.5.2026 12:54:42 CEST | Pressemelding
Tidlegare næringsminister Monica Mæland og konsernsjef i Sparebanken Norge, Jan Erik Kjerpeseth, er valde inn i styret i Innovasjon Noreg.
Innovasjonstalen 2026: Innovasjon er beredskap12.5.2026 13:45:00 CEST | Pressemelding
Næringslivets rolle og betydningen av innovasjon for beredskap var temaet da Innovasjonstalen gikk av stabelen i Bodø tirsdag 12. mai.
Ny ordning for å få flere kongresser til Norge4.5.2026 13:30:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge lanserer nå en ny tilskuddsordning for å hjelpe norske fagmiljøer i konkurransen om å arrangere internasjonale kongresser i Norge.
På lag med næringslivet i 202517.4.2026 14:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge med nesten ti milliarder i finansieringer i 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom