Kommunar og verksemders avfallshandtering må forbetrast
17.4.2026 14:01:59 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Ein landsomfattande tilsynsaksjon viser at både kommunar og verksemder har manglar i ordningane for avfallshandtering.

-Me må bli flinkare til å sortera avfallet vårt. Mykje av det som i dag hamnar i søppelet, kan brukast om igjen eller vinnast tilbake til nye materiale. Ansvaret for å få på plass gode løysingar ligg hos kommunane og bedriftene. Desse kontrollane viser at mange framleis har ein veg å gå, ikkje minst når det gjeld tekstilavfall, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Aksjonen viste at 7 av 10 av dei kontrollerte ikkje følgjer alle krava til utsortering og innsamling av avfallet. Manglane gjeld særleg innsamlinga til kommunane av avfall frå fritidsbustader og løysingar for tekstilavfall. Hos verksemdene er det fleire som manglar løysingar for utsortering og innsamling av plastavfall. Spesielt hurtigmatrestaurantar manglar tilstrekkelege løysingar foravfallshandteringa.
Aksjonen, som vart leidd av Miljødirektoratet og gjennomført av Statsforvaltaren, dreidde seg om å kontrollera om verksemder og kommunar har etablert løysingar for utsortering og separat innsamling av avfall i samsvar med krava i avfallsforskrifta kapittel 10a. Krava i forskrifta skal bidra til at Noreg når EU-mål om av hushaldsavfall og liknande næringsavfall. 56 kommunar og 148 verksemder vart kontrollerte.
- Det er viktig at både kommunar og verksemder sørgjer for rett handtering av avfallet. Dei nye reglane er innførte for at meir av avfallet skal gå til ombruk og materialgjenvinning slik at me utnyttar ressursane. Det vil igjen føra til mindre belastning på klima og miljø, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Manglar i fritidsrenovasjonen
Tilsyna avdekte at 52 prosent av dei kontrollerte kommunane fekk påpeika brot på
regelverket knytt til fritidsbustader. Krava i forskrifta gjeld både for fritidsbustader og
primærbustader. Dei fleste kommunar har på plass løysingar for utsortering og separat innsamling av hushaldsavfall for primærbustader, men manglar framleis løysingar for mykje fritidsbusetnad. Omfanget varierer frå éin manglande avfallsfraksjon til at det berre er restavfall som blir samla inn.
Manglar løysingar for tekstilavfall frå primærbustader
Når det gjeld innsamling av avfall frå primærbustader er biletet eit anna. Dei fleste kommunane har etablert ordningar for utsortering og separat innsamling av dei påkravde avfallsfraksjonane, bortsett frå tekstilavfall.
Tilsyna viser at mange kommunar enno ikkje har på plass tilstrekkelege løysingar for handtering av tekstilavfall i tråd med krava i forskrifta. Sjølv om det per i dag finst få løysingar for materialgjenvinning av tekstilavfall, må kommunane likevel sørgja for at avfallet blir samla inn separat, og blir sorterte for førebuing til ombruk og materialgjenvinning der det er mogleg.
For dårleg sortering av plastavfall
Hos verksemder fekk 50 prosent påpeika brot som handla om utsortering og innsamling av avfall. Hurtigmatrestaurantar peikar seg ut med manglande utsorteringsløysingar; mange har ikkje utsorteringsbehaldarar for alle avfallstypar som oppstår der, og mykje av avfallet som skulle vore utsortert, hamnar i restavfall.
Vidare manglar mange verksemder, på tvers av bransjar, utsortering av plast i tilstrekkeleg grad. For mange verksemder hamnar mykje plastavfall som er reint eller som med enkle grep kan reingjerast, i restavfallet.
- Dette er første gong det er gjennomført ein stor tilsynsaksjon etter at dei nye krava i avfallsregelverket vart innført i 2023 og utvida i 2025 med utsorteringskrav til mellom anna papp, glas og tekstil. Me har forståing for at det kan ta noko tid å få på plass tilstrekkelege løysingar for utsortering. Likevel viser resultata at det er eit potensiale for forbetra avfallshandtering i kommunar og verksemder, seier Hilde Singsaas.
-Kontrollane gir oss nyttig kunnskap om korleis kommunar og verksemder praktiserer dei nye reglane, slik at me kan læra av det og bli betre framover. Eg forventar at kommunane og verksemdene rettar opp i manglar og brot så fort som mogleg, seier klima-ogg miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Flere kommuner brøt grenseverdiene for svevestøv i 202516.4.2026 09:58:56 CEST | Pressemelding
Flere steder i Norge ble de lovpålagte grenseverdiene for fint og grovt svevestøv overskredet i 2025.
Fleire kommunar braut grenseverdiane for svevestøv i 202516.4.2026 09:58:56 CEST | Pressemelding
Fleire stader i Noreg vart dei lovpålagde grenseverdiane for fint og grovt svevestøv overskridt i 2025.
Endringer i laksefisket for 202614.4.2026 12:14:30 CEST | Pressemelding
Årets endringer i lakseforskriften innebærer at tre elver som tidligere har vært stengt åpnes for fiske, mens én elv stenges helt. For øvrige vassdrag videreføres gjeldende regler.
Endringar i laksefisket for 202614.4.2026 12:14:30 CEST | Pressemelding
Tre elvar som tidlegare har vore stengt opnast for fiske, medan éi elv blir stengd heilt. For andre vassdrag blir vidareførte gjeldande reglar.
Snøugla inn på global bevaringsliste etter norsk forslag30.3.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Snøugla er nå satt på Bonnkonvensjonens bevaringsliste. Større internasjonal oppmerksomhet kan gi nytt håp for den kritisk truede arten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom