Ny teneste skal gi bønder betre sesongvarsel
20.4.2026 09:19:16 CEST | Meteorologisk institutt | Pressemelding
Korleis blir sommaren? Blir det ein våt haust eller ein tørr vår? For bønder kan slike spørsmål vere avgjerande, men svara er ofte usikre. Meteorologisk institutt utviklar no ei ny teneste som skal gjere sesongvarsel meir nyttige for bønder og landbruket i Noreg.

Korleis blir sommaren? Blir det ein våt haust eller ein tørr vår? For bønder kan slike spørsmål vere avgjerande, men svara er ofte usikre. Meteorologisk institutt utviklar no ei ny teneste som skal gjere sesongvarsel meir nyttige for bønder og landbruket i Noreg.
Sesongvarsel gir i dag informasjon om kor stor sjanse ein har for temperatur og nedbør vil vere høgare eller lågare dei neste månadene. Desse varsla er nyttige, men Ingrid Vigna, forskar og prosjektleiar for AVANSE, trur at dei kan vere for generelle og ikkje praktiske nok for å verte nytta direkte inn i viktige avgjersle ein gjer for gardsdrifta si.
– Men no går vi saman med brukarane for å utvikle ei løysing som gir meir detaljerte og lokalt tilpassa vêrdata, slik at det vert enklare å forstå kva varsla betyr i praksis og dermed kan støtte vala ein gjer for drifta.
Målet er å gjere sesongvarsel til eit verktøy som faktisk kan brukast i kvardagen.

Koplar framtid og erfaring
Ein viktig del av prosjektet er å knyte varsla tettare til erfaringane brukarane allereie har. Den nye tenesta vil då gjere det mogleg å samanlikne sesongvarsel med tidlegare år, slik at ein kan sjå utviklinga gjennom sesongen.
– Dette håpar vi vil gjere det enklare å tolke varsla i lys av lokal kunnskap og erfaring.
Utvikle saman med landbruket, for landbruket
Jelmer Jeuring, forskar ved MET er oppteken av at tenesta skal vere nyttig og at brukarar må vere på utviklinga av innhaldet i tenesta. Prosjektet byggjer derfor på ein samproduksjonsmodell, der bønder, rådgjevarar og forvaltning bidreg aktivt gjennom heile utviklingsløpet.
– Dette omfattar mellom anna testing, tilbakemelding og dialog undervegs for å sikre at løysinga både er fagleg solid og relevant i praksis.

Viktig i eit klima i endring
Landbruket er spesielt utsett for endringar i vêr og klima. Samstundes vert det stadig vanskelegare å planleggje basert på tidlegare erfaringar aleine.
Ved å kombinere klimadata frå Copernicus med norske observasjonar og analyser, skal prosjektet gi betre grunnlag for å førebu seg på komande sesongar, redusere risiko knytt til vêrhendingar, og tilpasse drifta til eit klima i endring.
Vil du vere med å forme framtidas vêrvarsling for landbruket?
Er du interessert i å delta i dette arbeidet og vere med å påverke framtidas formidling av vêr? UX-designer Jeanette Irene Flått Stangeby er interessert i å høyre meir om utfordringar og behova til dei som driv med gard og landbruk.
– Har du lyst til å dele erfaringer og tilbakemeldinger? Vi vil gjerne høre ifra deg for å utvikle en løsning som kan dekke dine behov, og forhåpentligvis gjør hverdagen din enklere. Din stemme gjør en forskjell og bidrar til et mer brukervennlig produkt.
Send ein epost til vår postkasse viss du vil delta, har spørsmål eller berre vil halde deg oppdatert på nyhende frå AVANSE.

Faktaboks:
AVANSE - Adaptable Visualisation of Advanced Seasonal Forecasts
Prosjekteigar: Meteorologisk institutt (MET Norway)
Varigheit: 24 månader (oppstart mai 2026)
Finansiering: Copernicus Climate Change Service (C3S) gjennom EU-program
Formål: Utvikle ei ny teneste for avanserte sesongvarsel tilpassa norske brukarar, med vekt på landbruket.
Datagrunnlag: Sesongvarsel frå Copernicus kombinert med norske observasjons- og klimadata.
Metode: Nedskalering og statistisk etterbehandling for å gi meir lokal og relevant informasjon med hjelp av brukarorientert design.
Hovudleveransar:
- Prototype for visualisering av sesongvarsel
- Operasjonell arbeidsflyt for datahandtering
- API for deling av data
- Grunnlag for vidare utvikling i MET si Værio-plattform
Målgruppe: Bønder, rådgjevarar og forvaltning i landbruk og relaterte sektorar.
Kontakter
Charlotte StarkMET/kommunikasjon
Tel:98107206charlottes@met.noBilder




Følg pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Meteorologisk institutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Øyvind Breivik blir direktør for Havdivisjonen ved MET7.8.2026 09:03:26 CEST | Pressemelding
Øyvind Breivik har takka ja til stillinga som direktør for Havdivisjonen ved Meteorologisk institutt. Han kjem frå stillinga som avdelingsleiar for oseanografi og maritim meteorologi ved instituttet.
Store kontrastar prega juli3.8.2026 15:08:29 CEST | Pressemelding
Juli baud på store kontrastar. Medan nedbøren viste store regionale skilnader med både uvanleg tørre og uvanleg våte område, fekk delar av Sør-Noreg ei hetebølgje midt i månaden. Samstundes var store delar av Europa prega av langvarig varme, tørke og skogbrannar.
Beredskap ved farlig vær: råd til arrangører31.7.2026 10:40:47 CEST | Pressemelding
Når Meteorologisk institutt sender ut farevarsler om farlig vær, er målet å gi samfunnet et godt beslutningsgrunnlag. Farevarslene beskriver været som er ventet, hvor det vil ramme, og hvilke konsekvenser det kan få. Beslutningen om å avlyse, utsette eller gjennomføre et arrangement ligger hos arrangøren.
Varmen gjer tørken i Europa langt meir alvorleg24.7.2026 11:04:31 CEST | Pressemelding
Ekstrem varme er no den viktigaste årsaka til dei alvorlege tørkeperiodane Europa opplever. Menneskeskapte klimaendringar gjer at jorda tørkar raskare ut, sjølv i område der nedbøren ikkje har blitt vesentleg mindre, seier ny studie.
Juni var varm på fastlandet og rekordvarm på Svalbard1.7.2026 13:47:58 CEST | Pressemelding
Etter en varm avslutning, endte juni som den syvende varmeste i måleserien som går tilbake til 1901. Det ble også registrert mange rekorder på Svalbard.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom