Stabil flytrafikk i april - vekst så langt i år

11.5.2026 14:30:00 CEST | Avinor | Pressemelding

Del

Flytrafikken ved Avinor sine lufthamner heldt seg stabil i april. Totalt reiste 4,3 millionar passasjerar, om lag på same nivå som i fjor, medan tala for årets fire første månader viser ein tydeleg vekst.

I april nytta 4 295 000 passasjerar Avinor sine lufthamner. Det er ein marginal auke samanlikna med same månad i fjor, og samla sett er trafikken uendra frå april 2025. Så langt i år har 16,2 millionar passasjerar reist via Avinor sine lufthamner, ein auke på tre prosent samanlikna med same periode i fjor.

Flyrørsler

I april var det totalt 52 838 kommersielle flyrørsler ved Avinor sine lufthamner, ein auke på éin prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken kjem særleg frå innanriks trafikk, der talet på flyrørsler gjekk opp med to prosent. Utanrikstrafikken hadde samstundes ein nedgang på tre prosent.

Så langt i år er aktivitetsnivået stabilt, med 197 768 kommersielle flyrørsler, om lag på same nivå som i 2025.

Variasjonar frå lufthamn til lufthamn

Oslo lufthamn hadde i april 2,18 millionar passasjerar, ein nedgang på éin prosent frå i fjor. Likevel er trafikken ved landets største lufthamn opp to prosent så langt i år. Bergen lufthamn Flesland peikar seg ut med seks prosent vekst i april, medan Stavanger lufthamn hadde ein svak auke på éin prosent.

Trondheim og Tromsø hadde noko lågare trafikk i april enn i fjor, medan trafikken ved dei regionale lufthamnene samla sett auka svakt. Totalt sett bidreg utviklinga ved fleire lufthamner til at Avinor har ein samla vekst i 2026, trass i noko variasjon frå månad til månad.

-Hovudbiletet er at mange framleis vel fly, og at etterspurnaden held seg oppe inn i vårmånadene trass i krigen i Midt-Austen og uroa for tilgang på flydrivstoff, seier Joachim Lupnaav Johnsen, konserndirektør kommersiell styring og utvikling.

April

Hittil i år

Lufthamn

2025

2026

Endring

2025

2026

Endring

Oslo

2 209 000

2 181 000

-1 %

7 863 000

8 013 000

2 %

Bergen

543 000

574 000

6 %

1 912 000

1 995 000

4 %

Trondheim

342 000

337 000

-1 %

1 283 000

1 270 000

-1 %

Stavanger

321 000

326 000

1 %

1 183 000

1 200 000

1 %

Sum DSL

3 416 000

3 419 000

0 %

12 240 000

12 477 000

2 %

Tromsø

202 000

192 000

-5 %

1 040 000

1 128 000

8 %

Andre DRL

671 000

684 000

2 %

2 460 000

2 587 000

5 %

Sum DRL

873 000

876 000

0 %

3 500 000

3 715 000

6 %

Avinor sum

4 288 000

4 295 000

0 %

15 740 000

16 192 000

3 %

Sjå fleire tal for lufthamnene i vedlegget

- Fly drone trygt og lovleg
I april vart 2685 droneplanar registrerte. Dette er ein auke på 3 prosent frå april i fjor.

– No er det betre ver og lysare tider og det er fleire som flyg drone. Det er bra at mange vel å fly lovleg og registrere sine droneplanar. Samstundes er det framleis mange som flyr i forbudssonane kring lufthamnene, så eg vil oppmode alle om å fly drone berre der det er trygt og lovleg seier Nikola Tufekcic, leiar for droner i Avinor. 

Nøkkelord

Kontakter

Dokumenter

Lenker

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye