Andreas Rotevatn, Side Brok og Mari Kvien Brunvoll slår seg saman på den energiske og leikne "Mellom saltvatn og sola"
12.6.2026 08:50:00 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding
På tittelsporet til den komande plata til Andreas Rotevatn får du høyre ei uforskamma energisk og leiken låt, som er på grensa til irriterande catchy og indignérande eklektisk. Men ein stad i midten av alt som skjer her, finn du ei låt som rett og slett berre nektar å la dansefoten stå i ro. Med både Side Brok og Mari Kvien Brunvoll med på laget, får lyttaren servert ei låt med ein unik smak av vestlandsk groove.
"Mellom saltvatn og sola" feat. Side Brok og Mari Kvien Brunvoll er ute no. Lytt her!

Ein journalist fra Bergens Tidende har skildra musikken til Rotevatn sånn: "Tenk at musikk kan være så leken og innfallsrik, så energisk, drivende og kødden, så smart og så dum! Musikken er pop, men ikke popete. Det er jazzete, men ikke jazz. Men hvem bryr seg egentlig om slike kategorier? Rotevatn er rett og slett grisebra musikk. Terningkast 6." Audun Vinger, som såg Andreas Rotevatn spele foran ein stappfull sal med 500 mennesker på Vossajazz 2026, skreiv forundra: "Det er egentlig ingen grunn til at dette her fra en ganske ukjent trombonist skal få noe publikum. Men det var rett og slett fullt i Gamekinoen denne kvelden. Hva er det som skjer?"
Då Rotevatn hadde laga første demo til denne låta, tenkte han: "Jaggu det! Ditta må vere den gladaste låta eg har skrive nokon gong. Og steike for ein energi." "Mellom saltvatn og sola" blandar saman ein Jackson 5-esque groove med K-popaktige instrumentalmelodiar, hissige tromboner og eit steikje bra band* for å skape nettopp det - energi!
No er det jo ei merkeleg tid vi lever i, med krig, klimakrise og demokratiske krefter i nedgåande kurve. At så energisk og livleg musikk skal fødast ut av eit slikt klima, kunne ein kanskje tru var eit paradoks. Andreas meiner tvert om at det er heilt naturleg:
"Beste eksempelet på at noko mørkt og deprimerande skapar lys og glede er jo jazzen! Tenk på dei som opprinneleg starta å spele den sjangeren, makan til livleg musikk! Den tidlege jazzen har jo til og med tilnamnet "gladjazz". Og dei som spelt den, kven var dei? Slavar! Eller etterkomarar av slavane, og offer for eit av dei mørkaste kapitla i nyare historie."
Vokalist og improvisatør Mari Kvien Brunvoll er med på låta og tilfører si unike stemme og melodiføring. I fleire år har Rotevatn hatt stor glede av å høyre på bandet Building Instrument (som nyleg vant Spellemann i Åpen klasse), kor Brunvoll er ein essensiell del.

Tekstleg hentar låta inspirasjon frå Dante "Som seg fann | Att i tjukke, svarte skogen" og Håvamål "Treng du eit gjetord gjævt?". Men Rotevatn ynskjer ikkje å kaste kring seg med litterære referansar som eit mål i seg sjølv. Heller trur han det er mykje å finne i historia i møte med vanskelege spørsmål i livet i dag. Kva er eit godt liv, og er det ikkje so at "Hver gledesstund du fikk på jord, betales må med sorg" som Bjørnstjerne Bjørnson skriv det? Kanskje ikkje heider og ære er noko å trakte etter likevel.
Ein tekstleg helt for Rotevatn er Runar Gudnason, rapparen i Side Brok. Andreas har vekse opp med platene hans, og kan mykje tekstane utanboks. Gudnson fekk frie tøylar, og valgte å lage ein mash up av alle tekstane til heile plata i rap-vers. Ei slags meistersonate? Med sin heilt eigen Side Brok-vri, sjølvsagt!
Albumet Mellom saltvatn og sola kjem ut 4. september på Grappa, som er ein del av Sounds Like Gold. Andreas Rotevatn spelar fleire festivalar i år, mellom anna Vossajazz, Vinjerock og Ranglerock.
*Andreas Rotevatn - trombone, tangentar & vokal
Sander Nordahl - gitar
Nikolai Hængsle - bass
Elias Tafjord - trommer

Nøkkelord
Kontakter
Leah Håland SolomonsProsjektleder / A&R777 MUSIC / Sounds Like Gold
Tel:97875479leah@777music.noBilder




Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. Grappa er i dag en del av labelgruppen Sounds Like Gold.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo og jazz på Hubro og Svale Records.

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
ANNA LILLE ER TILBAKE - ‘THAT’S A YEAR’ ER UTE NÅ7.8.2026 09:54:14 CEST | Pressemelding
Norges indie-pop-stjerne in the making, Anna Lille, er tilbake med en relaterbar og sylskarp pop-banger! Anna Lille’s stemme har allerede fanget oppmerksomheten til globale superstjerner som Justin Bieber og Billie Eilish på nett. Og nå på sin nye singel «That's a Year», synger hun om den spesifikke følelsen av å gå ut av et forhold og lure på om det hele var bortkastet tid, men så å gradvis oppdage at livet på den andre siden er uendelig mye bedre. Låten er bittersøt, litt ironisk, og veldig Anna. Anna Lille er tilbake, modigere, mer selvsikker og sassier enn noensinne. Sammen med singelen slipper hun en offisiell musikkvideo på YouTube, som tar deg med inn i det nye universet visuelt.
Andreas Rotevatn & Tuva Syvertsen tek deg på ei sonisk berg- og-dal-bane med kronisk rytmefot - "Ad infinitum" ute no7.8.2026 09:07:00 CEST | Pressemelding
Frå ømt og intimt til eit vilt klimaks av ein band-jam - låta "Ad infinitum" tek deg på ei sonisk berg- og-dal-bane med kronisk rytmefot. Sjå for deg at Veronica Maggio leier eit vekkelsesmøte i indremisjonen kor målet er å gire forsamlinga opp med pur glede og suggesjon. Liturgien til den her seansen er Rotevatn sin tekst på arkaisk nynorsk, og krinsar kring at jaget mot noko nytt og sjølvrealisérande er ein uendeleg prosess. "Ad infinitum", frå Andreas Rotevatn si komande plate "Mellom saltvatn og sola", er ute no!
Et tilfeldig møte med en eks ble til Yngvils nye singel "Blindvei" - ute nå!7.8.2026 09:05:00 CEST | Pressemelding
Et tilfeldig møte med en eks utenfor Operaen fikk visepop-artisten Yngvil til å innse noe; to mennesker kan se tilbake på det samme forholdet med vidt forskjellige oppfatninger av hva som egentlig skjedde. På den nye singelen "Blindvei", fra den kommende EP-en "PS: ikke si det til noen", møter sårbar historiefortelling et smittende refreng og et varmt poputtrykk. "Blindvei" er ute nå! Lytt her.
Ketil Bjørnstad og Sandra Lied Haga søker nye svar i singelen «No Answer»7.8.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
“Hvis svarene ikke finnes, må vi lete etter svarene selv.” Den andre singelen fra The Gateway presenterer en av albumets mest ettertenksomme komposisjoner. No Answer er en sjelfull og melodisk dialog mellom piano og cello, der stillheten og rommet mellom tonene er like viktige som selve melodien.
A Soulful Dialogue Between Piano and Cello: "No Answer" by Ketil Bjørnstad & Sandra Lied Haga7.8.2026 08:50:00 CEST | Press release
"If the answers aren't there, we have to search for them ourselves." The second single from The Gateway presents one of the album's most reflective compositions. No Answer is a soulful and lyrical dialogue between piano and cello, where silence and the space between the notes are just as important as the melody itself.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom