No blir det enklare å levere dokumentasjonen for godstransport
10.6.2026 09:00:00 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
I dag må transportnæringa ha med seg mykje av den lovpålagte dokumentasjonen for godstransport på papir. Arbeidarpartiregjeringa ønskjer å gjere dette enklare for både transportørane og styresmaktene, og føreslår difor å gje transportørane rett til å levere den lovpålagde dokumentasjonen digitalt.

– Arbeiderpartiregjeringa gjer kvardagen enklare for transportnæringa. I dag brukar sjåførar og transportørar mykje tid på papirbasert dokumentasjon ved kontroll. Vi vil gje dei høvet til å levere den same informasjonen digitalt. Det er ein fordel for både næringa og styresmaktene, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Framlegget er òg kjent som EUs eFTI-forordning. Den pålegg medlemsstatane å leggje til rette for at transportørane kan levere dokumentasjon om godstransport digitalt. Statens vegvesen skal no sende gjennomføringa av forordninga på høyring.
Dei gjeldande dokumentasjonskrava vert ikkje endra ved gjennomføringa, men transportørane kan framover nytte elektronisk dokumentasjon i staden for papirbaserte dokument. Det er frivillig for transportørane om dei vil ha dokumenta på papir eller digitalt. Regelverket gjeld godstransport på veg, jernbane og i luftfart, men ikkje sjøtransport.
Lågare kostnader – for næringa og styresmaktene
EU reknar med at transportnæringa sparar både kostnader og tid på grunn av eFTI-systemet. I tillegg er gjev redusert papirbruk og meir effektiv logistikk bra for miljøet.
– Mindre papirarbeid tyder lågare kostnader og meir effektiv drift for transportbransjen. Samstundes vert det enklare for kontrollstyresmaktene å gjere arbeidet sitt. Det er vinn-vinn, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Slik skal systemet fungere
Transportaktørar som ønskjer å bruke systemet, kan gjere dokumentasjonen tilgjengeleg via sertifiserte eFTI-plattformer. Desse er kopla til ein eFTI-portal som kontrollstyresmaktene har tilgjenge til. Statens vegvesen vert føreslått som ansvarleg styresmakt for portalen i Noreg, og vil òg yte brukarstøtte. Statens vegvesen arbeider med løysinga, og er i dialog med andre nordiske land om eit mogleg samarbeid.
Høyring
Statens vegvesen sender framlegget til nasjonal gjennomføring på alminneleg høyring. Ordninga må vere på plass i EU frå sommaren 2027. Det same vil gjelde Noreg viss forordninga vert teken inn i EØS-avtalen innan dette.
Meir informasjon:
Om oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa16.10.2026 13:00:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom