Etter 10 års skule: Urovekkjande mange elevar har ikkje lært å lese, skrive og rekne skikkeleg
16.6.2026 13:00:00 CEST | Riksrevisjonen | Pressemelding
Trass i ei langvarig satsing og høg prioritet frå Stortinget, har svært mange elevar svake grunnleggjande ferdigheiter etter grunnskulen.

– Grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning er viktig for å gjere elevane i stand til å meistre livet og å delta i arbeid og samfunnet, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Nesten kvar tredje elev – 31 prosent av elevane i matematikk og 27 prosent i lesing – har ferdigheiter på det lågaste meistringsnivået i 2022. Dette er 12 til 14 prosentpoeng fleire enn i 2015.
Eit fleirtal av erfarne rektorar og skuleleiarar rapporterer også at:
- skriveferdigheitene heller ikkje har blitt betre
- forskjellane i skriving mellom elevane har auka
– Styresmaktene har satsa på grunnleggjande ferdigheiter i 20 år og Stortinget har auka midlane til dette. Då er det kritikkverdig at norsk skule ikkje har utrusta fleire elevar med gode grunnleggjande ferdigheiter, seier riksrevisor Schjøtt-Pedersen.
Les heile undersøkinga på riksrevisjonen.no
Svakheiter ved styringa til Kunnskapsdepartementet
Djupe samfunnsendringar og sterke internasjonale trendar verkar inn på skulen og barna si oppvekst.
Sjølv om departementet har tilgang til omfattande forsking og evalueringar, viser Riksrevisjonen si undersøking at:
- det er uklart kva effekt dei mange statlege tiltaka faktisk har hatt på elevane si læring
- departementet har i liten grad teke initiativ til å betre kjende svakheiter i lærarnorma og nasjonale prøver
– Dette aukar risikoen for at kommunar og skular ikkje har statlege rammer for opplæring som bidreg effektivt til å styrkje elevane sine grunnleggjande ferdigheiter. Det er kritikkverdig, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Nøkkelord
Kontakter
Sissel Elisabet HelminsenKommunikasjonsrådgjevar
Tel:977 27 237seh@riksrevisjonen.noOm oss
Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan. Vi skal bidra til den demokratiske kontrollen med at statens ressursar blir forvalta forsvarleg og effektivt og i samsvar med Stortinget sine vedtak.
Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Energieffektivisering: Norge når ikke 2030-målene20.10.2026 13:00:00 CEST | Pressemelding
– Norge har store muligheter for energieffektivisering og Stortinget har satt klare mål. Om vi ikke når målene, kan det bidra til at strømprisene blir høyere og at det blir bygget ut mer kraftproduksjon og nettinfrastruktur enn ellers nødvendig, sier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Pressekonferanse i dag: Ny rapport om energieffektivisering20.10.2026 08:30:00 CEST | Presseinvitasjon
Riksrevisjonen har undersøkt Energidepartementets arbeid med energieffektivisering. Når Norge 2030-målene Stortinget har satt? Velkommen til pressekonferanse i dag kl. 13!
Energieffektivisering: Når Norge 2030-målene?16.10.2026 07:45:00 CEST | Presseinvitasjon
Stortinget har satt effektiv bruk av energi som ett av de prioriterte hovedområdene for energipolitikken fram mot 2030. Riksrevisjonen har undersøkt Energidepartementets arbeid med energieffektivisering; status, barrierer og virkemidler. Velkommen til pressekonferanse tirsdag 20. oktober kl. 13.
Samferdselsdepartementet har svak oppfølging av Bane NORs eiendomsvirksomhet25.6.2026 10:30:00 CEST | Pressemelding
Bane NOR-konsernet utvikler boliger, hoteller og næringsbygg i stort omfang. Men mye av dette skjer utenfor normal gangavstand til togstasjonene, og bidrar i liten grad til å understøtte jernbanen.
Svakheter i sikkerhetsarbeidet i departementenes IKT-satsing23.6.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Riksrevisjonen retter kritikk mot arbeidet med IKT-sikkerhet i Program Felles IKT-tjenester for departementsfellesskapet. Et hovedmål med å opprette programmet i 2021 var å styrke IKT-sikkerheten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom