Svakare juni, men vekst gjennom første halvår
10.7.2026 12:00:00 CEST | Avinor | Pressemelding
Nær 5 millionar passasjerar reiste via Avinor sine lufthamner i juni. Det er ein nedgang på 1,8 prosent samanlikna med juni i fjor. Samstundes viser tala ein samla vekst på 2,1 prosent så langt i år.

Tala for juni viser noko færre reisande enn i same månad i 2025. Nedgangen er størst innanriks, der talet på passasjerar gjekk tilbake med 2,7 prosent. Utanrikstrafikken heldt seg meir stabil, med ein nedgang på 0,6 prosent frå juni i fjor.
Flyrørsler
Flyaktiviteten held fram med å vere høg. Talet på kommersielle flyrørsler auka med 0,9 prosent i juni, medan samla flyrørsler auka med 0,4 prosent frå same månad året før.
Juni svakare enn fjoråret, men samla sett positiv utvikling så langt i 2026
Så langt i 2026 har utviklinga vore positiv. Frå januar til og med juni har Avinor registrert 25,9 millionar passasjerar, opp 2,1 prosent samanlikna med same periode i fjor. Veksten er særleg driven av utanrikstrafikken, som har auka med 3,6 prosent hittil i år.
Fleire av dei store lufthamnene hadde god utvikling i juni. Bergen lufthamn, Flesland hadde ein vekst på 5,2 prosent, medan Harstad/Narvik lufthamn, Evenes auka med 10,7 prosent samanlikna med juni i fjor.
Samstundes hadde fleire av dei største lufthamnene ein nedgang, mellom anna Oslo lufthamn (-3,7 prosent), Stavanger lufthamn, Sola (-4,4 prosent) og Trondheim lufthamn, Værnes (-4,2 prosent).
Sterk vekst på Bergen lufthamn gir behov for meir kapasitet
I juni reiste nær 690.000 passasjerar via Bergen lufthamn, Flesland. Så langt i år har over 3,3 millionar passasjerar reist til eller frå Flesland, og det har vore fleire reisande kvar månad så langt i år. Så langt i år er det sju prosent fleire reisande enn i første halvår 2025.
– Vi opplever framleis stor interesse for Vestlandet som reisemål, både blant norske og internasjonale reisande. Det gjer at fleire flyselskap satsar på Bergen og regionen vår, noko som bidreg til vekst i både trafikk og rutetilbod, seier Helge Eidsnes, lufthamnsjef ved Bergen lufthamn, Flesland.
-Den sterke veksten, særleg innan utanlandstrafikken, gjer at Avinor no planlegg fleire utbyggings- og kapasitetsprosjekt på Flesland. Målet er å tilpasse lufthamna til venta trafikkvekst og sikre gode reiseopplevingar for dei reisande i åra som kjem, fortel Eidsnes.
Dronetrafikk på same nivå som i fjor
Første halvår har det vore om lag 15.000 registrerte droneflygingar. Dette er stabilt og på same nivå som i fjor. – Skal du fly drone i sommar oppmodar vi om å setje deg godt inn i reglane for droneflyging, og hugs på droneforbodet kring alle lufthamner, seier Mats Gjertsen, leiar for Avinor sitt droneprogram.
Fakta juni
- Totalt tal passasjerar i juni 2026: 4 997 475
- Endring frå juni 2025: -1,8 %
- Innanrikspassasjerar: 2 716 468 (-2,7 %)
- Utanrikspassasjerar: 2 234 529 (-0,6 %)
- Offshorepassasjerar: 46 478 (+0,1 %)
- Totalt tal passasjerar januar–juni: 25 millionar
- Endring hittil i år: +2,1 %
- Utanrikstrafikk hittil i år: +3,6 %
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Fuglesang FramholtKommunikasjonssjefAvinor
Tel:+47 976 22 141cathrine.framholt@avinor.noBilder




Lenker
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Ny fraktrute skal frakte 200 tonn norsk laks til Shanghai hver uke19.8.2026 15:42:07 CEST | Pressemelding
China Southern åpner 19. august en ny direkte fraktrute mellom Oslo lufthavn og Shanghai. Med to ukentlige avganger og plass til rundt 100 tonn last per flyvning får norsk næringsliv betydelig mer fraktkapasitet til et av Norges viktigste markeder i Asia.
Clarion Hotel Bergen Airport blir blant de største hotellene i Bergen18.8.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Clarion Hotel Bergen Airport skal utvides med 104 nye hotellrom. Når utbyggingen står ferdig, vil hotellet ha totalt 304 rom og bli blant de største hotellene i Bergen.
Flygeledermeklingen: Avinor forbereder seg på mulig streik17.8.2026 13:20:20 CEST | Pressemelding
Norsk Flygelederforening (NFF) har varslet plassfratredelse for 12 flygeledere dersom meklingen med Spekter/Avinor Flysikring ikke fører frem. Plassfratredelsen er varslet for flygeledere som jobber ved Flesland, Gardermoen, innflygingskontrollen til Gardermoen og områdekontrollen for Vestlandet.
Nå åpner den nye terminalutvidelsen på Værnes13.8.2026 14:07:06 CEST | Pressemelding
Torsdag 13. august åpner utvidelsen av Pir Vest på Trondheim lufthavn, Værnes. Utbyggingen gir tre nye gateplasser, nytt varemottak og større fleksibilitet for videre utviklingen av flyplassen.
Fleire reisande på Avinor sine lufthamner i juli – størst auke utanlands11.8.2026 12:05:00 CEST | Pressemelding
Totalt reiste 5,1 millionar passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner i juli. Det er 1 prosent fleire enn i same månad i fjor. Auken kjem hovudsakleg frå fleire reisande utanlands.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom