No er dato for oppstart i Lærdalstunnelen klar
23.9.2026 10:48:50 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
16. november startar oppgraderinga av Lærdalstunnelen på E16. Trafikantane må førebu seg på 12-timars stengingar og tilpasse reisevanane sine.

- Kontrakten er signert med arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk og Stol, og om eit par veker startar arbeidet med klargjering for oppstart i områda rundt tunnelen, seier prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen.
Måndag 16. november kl. 18.00 startar den første 12-timars stenginga, og slik vil det halde fram dei neste to åra.
Klokkeslett for stenging vil bli handheva strengt, slik at det vil vere nyttelaust å kome fem minutt for seint når nattestenginga trer i kraft.
For lokale bebuarar i Aurland og Lærdal blir det eit busstilbod med tre avgangar på kveldstid frå begge sider av tunnelen før midnatt. Elles skal det vere mogleg å få fram utrykkingskøyretøy gjennom tunnelen på kort varsel når det står om liv og helse.
Natt til søndag er tunnelen open for trafikk.
Også arbeid på dagtid
På dagtid kan entreprenøren utføre arbeid som ikkje krev stenging. Då vil tunnelen vere open for trafikk, men kan bli snevra inn til eitt køyrefelt på korte strekningar med lysregulering.
På grunn av tunnelen sin viktige funksjon som transportåre aust-vest, er det planlagt at når rv. 7 Hardangervidda er stengd under uvêr vinterstid, skal Lærdalstunnelen haldast open. Dette er det kontraktsfesta at entreprenøren må tilpasse seg.
Klargjering rundt tunnelen
Men først startar arbeidet med å klargjera til anleggsarbeid i tunnelen, og dette vil begynne om eit par veker. Mellom anna skal hovudbrakkeleir og lager for entreprenøren settast opp på Håbakken, og på sida mot Aurland skal kontor og containarar for produksjonen settast opp mellom Sogneporten og tunnelmunninga.
To tunnelriggar skal bore og sikre i tunnelen under sprengingsarbeida, og entreprenøren skal jobbe seg innover frå Aurland-sida. Det skal etablerast straum, vatn og avløp til riggområda på begge sider av tunnelen, og reinseanlegg for prosessvatn.
- Planlegg reisa di!
Statens vegvesen tilrår at du planlegg reisa di dersom du skal køyre E16 mellom Austlandet og Vestlandet frå november, og spesielt vere merksam på trafikkhindringar mellom Bergen og Lærdal. Det er lurt å bruke vegvesen.no/trafikk før du køyrer, og installere Vegvesenet sin Trafikk-app på mobilen. Vi oppmodar deg til å reise på dagtid, og vurdere om du kan ta i bruk alternative ruter.
Rv.7 Hardangervidda blir ein viktig alternativ rute mellom aust og vest, og i tillegg kjem Vikafjellet inn som eit alternativ for trafikken mellom Indre Sogn og Bergen. Det er allereie sett inn ein ekstra nattavgang på ferjesambandet Vangsnes-Hella, og når Lærdalstunnelen stenger blir det to avgangar til på natt.
Kontakter
Susanne Svardal, ProsjektleiarStatens vegvesen Utbygging
Tel:951 91 861susanne.svardal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Flere trafikkomlegginger når Vestre Strandgate stenges i høstferien23.9.2026 14:50:59 CEST | Pressemelding
Det blir flere trafikkendringer i perioden 25. september til 5. oktober i forbindelse med arbeidene med midlertidig rundkjøring.
Skogrydding langs E39 i Brusdal23.9.2026 11:02:33 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uka skogrydding langs E39 i Brusdal på strekningen mellom fylkesveg 5948 og Fremmerholden. Målet er bedre trafikksikkerhet og enklere vinterdrift.
Vurderer strakstiltak mot sykkelulykker23.9.2026 06:45:00 CEST | Pressemelding
Ti syklister har mistet livet i år. Nå varsler Statens vegvesen hastegrep for å bedre sikkerheten og inviterer til nasjonal sykkeldugnad.
Ny gang-og sykkelvei på E39 ved Vekslet i Ørsta22.9.2026 13:55:56 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uken arbeidet med ny gang- og sykkelvei og busslomme langs E39 ved Vekslet friluftsområde i Ørsta. Den eksisterende bussholdeplassen blir stengt i anleggsperioden, som etter planen varer til 30. november 2026.
Vedlikeholder rv. 41 Kjevik bru frem til desember22.9.2026 11:39:06 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen er i gang med vedlikeholdsarbeid av rv. 41 Kjevik bru. Brua skal blant annet overflatebehandles og få nytt rekkverk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom