No kan du søke om tilskot til kulturarven i 2027
29.9.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
No opnar søknadsvindauget for kulturmiljø, og Riksantikvaren lyser ut tilskot til mellom anna freda bygningar og anlegg, fartøy og verdsarv.

– Kulturmiljøet vårt fortel historier om korleis menneske har levd, arbeidd og skapt lokalsamfunn gjennom generasjonar. Med tilskota ønskjer vi å støtte prosjekt som tek vare på kulturarv og som skapar aktivitet og engasjement lokalt, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
For 2025 var søknadssummen rekordstor med 1,3 milliard kroner. Søknadssummen har auka dei siste åra, og spesielt innan ordninga for verdiskapingsmidlar til dei nye bevaringsstrategiane for bygd og by, landbruk, kyst og næring og industri.
– Vi er spent på kor mange som vil søke i år, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Kulturmiljø er meir enn spor frå fortida. Dei er ressursar som kan gje oss kunnskap, næringsutvikling, samarbeid og levande lokalsamfunn, og som gjev verdi for både eigarar, handverkarar, næring og reiseliv, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Den nasjonale søknadsportalen for kulturminne, Digisak, opnar 1. oktober. Det er fylkeskommunen som handsamar dei fleste søknadene frå eigarane. Løyvingane blir gitt over statsbudsjettet kvart år.
Fleire ulike tilskot
Riksantikvaren har ei rekke tilskotsordningar for kulturminne. Ordningane som har frist 1. november er:
- Tilskot til verdiskaping i kulturmiljø knytta til bygd og byar, landbruk, kyst, industri og næring
- Freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap
- Teknisk-industrielle kulturminne
- Freda bygg frå før 1537 i privat eige
- Ruinar og anlegg frå mellomalderen
- Brannsikring i tette trehusmiljø
- Fartøyvern
- Fagutvikling i fartøyvernet
- Verdensarvområdene
- Kirkekunst
- Vedlikehold, dokumentasjon og konservering av stavkirker
Sjå alle tilskotsordningar frå Riksantikvaren.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Verdensarvutstillingen på plass i Hammerfest23.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå får "oppmålingen av verden" og Struves meridianbue den spektakulære verdensarvutstillingen.
Verdsarvutstillinga på plass i Hammerfest23.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No får "oppmålinga av verda" og Struves meridianboge den spektakulære verdsarvutstillinga.
Riksantikvaren tillater utlån av vikingbåt til Danmark16.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Visste du at det store Gokstad-funnet hadde tre småbåter i tillegg til vikingskipet? Nå skal den ene på langtur til Danmark.
Nå fredes Oslo Handelsgymnasium15.10.2026 07:59:13 CEST | Pressemelding
Den tradisjonsrike skolen sikres for evigheten.
No blir Oslo Handelsgymnasium freda15.10.2026 07:59:13 CEST | Pressemelding
Den tradisjonsrike skulen blir sikra for framtida.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom