NIBIO har kartlagt jorda langs framtidige vegtrasear på Vestlandet
29.9.2026 11:36:02 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
NIBIO har kartlagt jord langs fleire framtidige vegtrasear frå Sørlandet til Nordmøre. Kartlegginga skal gje vegplanleggjarane eit betre grunnlag for å vurdera konsekvensane for jordbruksareala når nye vegar vert planlagde.

Store delar av Vestlandet har mangla jordsmonnkart, i motsetnad til Austlandet. I Vestland fylke er berre om lag 15 prosent av det fulldyrka og overflatedyrka arealet jordkartlagt, mot rundt 95 prosent i Akershus, Vestfold og Østfold.
– Utan jordsmonnkart kunne me ikkje vurdera jordbruksareal på lik linje med andre tema. Difor har me leigd inn NIBIO der økonomien i vegprosjekta har tillate det, seier Hilde Sanden Nilsen frå Statens vegvesen.
Kartlegginga har mellom anna vore viktig i planlegginga av E16 og Vossebanen mellom Arna og Stanghelle, og i samband med E39-utbygginga i Bergen kommune.
– På Vestlandet har me registrert mykje grunn jord og mange areal med dårleg evne til å bli kvitt overflødig vatn. Samstundes viser kartlegginga at mange areal har større produksjonspotensial enn dagens tilstand kan gje inntrykk av. Mange av areala kunne ha produsert meir om dei hadde vorte drenert, seier Siri Svendgård-Stokke, avdelingsleiar i NIBIO.
Kartgrunnlaget er tilgjengeleg gjennom NIBIO sine opne kartløysingar og kan nyttast av kommunar, landbruksnæringa og andre som treng kunnskap om jordsmonn.
Denne pressemeldingen er basert på en artikkel publisert på NIBIO.no. Medier kan fritt benytte både innholdet i pressemeldingen og tilhørende bilder mot kreditering av fotograf og henvisning til NIBIO.
Nøkkelord
Kontakter
Siri Svendgård-StokkeNIBIO / Divisjon for kart og statistikk
Tel:(+47) 478 14 011siri.svendgard-stokke@nibio.noBilder





Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Nordnorske bønder investerer for ein tryggare og meir handterbar kvardag9.10.2026 15:26:03 CEST | Pressemelding
For mange nordnorske bønder handlar investeringar om meir enn å auka inntektene. Det kan handla om å spara tid, få ein tryggare arbeidskvardag, ta vare på helsa eller sikra at garden kan drivast vidare. Det syner ei undersøking blant 461 gardbrukarar i Nordland, Troms og Finnmark.
Vertikalt landbruk åpner for nye muligheter i norsk planteproduksjon6.10.2026 13:14:33 CEST | Pressemelding
Nå undersøker NIBIO-forskere hvordan plantekunnskap og gjenvinning av ressurser fra andre næringer kan bidra til å utvikle produksjonsformen videre.
Samler hele matsystemet rundt samme bord2.10.2026 13:45:23 CEST | Pressemelding
Hva skjer når fiskere, bønder, næringsliv, myndigheter og forskere setter seg rundt samme bord for å diskutere framtidens matproduksjon? I FULCRUM-prosjektet samles aktører fra hele matsystemet for å dele erfaringer, identifisere utfordringer og utforske løsninger sammen.
Fiskeslam bør foredles før det blir brukt som gjødsel30.9.2026 11:15:20 CEST | Pressemelding
Fiskeslam frå landbasert oppdrett inneheld næringsstoff som kan nyttast av planter. Men gjødseleffekten av nitrogen er svakare enn venta. Forskarar ved NIBIO meiner slammet bør vidareforedlast før det blir brukt som gjødsel.
50 år gamle forsøk viser at østeuropeisk gran veks betre enn norsk24.9.2026 10:27:27 CEST | Pressemelding
Gran frå Tsjekkia, Slovakia, Romania, Ukraina og Kviterussland veks betre i norsk klima enn norsk gran. Det viser nye analysar av forsøk som har pågått i nærare femti år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom