Universitetet i Bergen (UiB)

Opnar nytt K.G.Jebsen senter for kreftforskning i Bergen

30.9.2026 11:25:12 CEST | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding

Del

Eit nytt forskingssenter i Bergen håpar å endre måten ein ser på kreftrisiko- og utvikling. Fredag opnar det nye K.G. Jebsen-senter for epimutasjonar i kreft.  

Dette er gjengen som vil bli tilknytta det nye forskingssenteret ved UiB og Haukeland universitetssjukehus.
Dette er gjengen som vil bli tilknytta det nye forskingssenteret ved UiB og Haukeland universitetssjukehus. UiB

Senteret skal undersøke om særskilte gen-endringar som oppstår i mors mage kan føre til kreft seinare i livet.

Forskingssenteret vert leia av professorane Stian Knappskog, Camilla Krakstad og Halfdan Sørbye, og utgår frå Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen, og Kreftklinikken og Kvinneklinikken ved Haukeland Universitessjukehus.   

Feilregulering i celler kan føre til kreft

Senteret skal forske på endringar i gen-regulering som oppstår på tidlige fosterstadier, og korleis desse endringane påverkar risiko for kreft i vaksenlivet.

Senteret er basert på eit nyleg gjennombrot; forskarane i Bergen har funne at nesten 10% av friske kvinner har nokre få celler i kroppen der det såkalla BRCA1-genet er feilregulert og slått permanent av. Feilreguleringa oppstår trulig allereie i løpet av dei første vekene i fosterlivet. Dei som har slike celler, har auka risiko for bryst- og eggstokkreft i vaksenlivet.

Så mange som 20% av dei mest aggressive tilfellene av brystkreft ser ut til å ha oppstått på grunn av slike celler som er feilregulerte frå fosterlivet.

Håpar å knekke gen-koden

Senteret er etablert etter støtte frå  Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen. Dei har gått inn med 25 millionar kroner. I tillegg bidreg UiB med tilsvarande sum i eigenbidrag.  

Professor Stian Knappskog er svært glad for tildelinga:  

«Langsiktig finansiering over fem år gjer det mulig å fokusere på ambisiøse prosjekt. Målsettinga vår er å finne ut kvifor og korleis disse gen-endringane oppstår under fosterutviklinga, og ikkje minst, kva for gen som er i fare for å bli endra. Endringar som påverkar ulike gen kan nemleg koplast  til risiko for ulike krefttypar. Vi trur at resultat frå senteret vil kunne forandre korleis verden ser på kreftrisiko og kreftutvikling.» 

Åpningsseminar: Fredag 2 oktober 2026, 0900-1530

Offisiell åpning kl 0900

Sted: Bikuben, Haukeland Universitetssykehus

KONTAKT:

Professor ved Det medisinske fakultet, Stian Knappskog – Stian.Knappskog@uib.no - 97046719

Professor ved Det medisinske fakultet, Camilla Krakstad – Camilla.Krakstad@uib.no - 99254140

Professor ved Det medisinske fakultet, Halfdan Sørbye – halfdan.sorbye@helse-bergen.no - 92853862

Nøkkelord

Bilder

Senteret vil bli leia av professorane Stian Knappskog, Camilla Krakstad og Halfdan Sørbye, og utgår frå Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen, og Kreftklinikken og Kvinneklinikken ved Haukeland Universitessjukehus.
Senteret vil bli leia av professorane Stian Knappskog, Camilla Krakstad og Halfdan Sørbye, og utgår frå Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen, og Kreftklinikken og Kvinneklinikken ved Haukeland Universitessjukehus.
UiB
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye