Samferdselsdepartementet

Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa

16.10.2026 13:00:19 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

Del

Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.

Postkasser
Foto: Samferdselsdepartementet

– Lokalavisene er viktige for å gi folk moglegheit til å ytre seg og halde seg oppdatert om kva som skjer i lokalsamfunnet. Derfor skal staten halde fram med å kjøpe avisdistribusjon i område der det ikkje finst kommersiell distribusjon, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.

Til forskjell frå  brevlevering, er det fleire aktørar som kan distribuere aviser. Derfor er det ikkje høve til å direktetildele oppdraget. Tilbodsfristen for konkurransen er 17. november 2026. Kontraktane vil ha oppstart 1. juli 2027 og vare i eitt år, med mogleg forlenging i ytterlegare tre enkeltår.  

Tilpassa primære utgivingsdagar og lokalnyheiter    
Ordninga med statleg kjøp av avisdistribusjon til område utan kommersielle avisbodnett er tilpassa vekedagar med flest papirutgåver, og særleg lokalavisenes primære utgivingsdagar, som tysdag, torsdag og fredag.  

– Kva som skjer nasjonalt og internasjonalt får brei dekning på tv, radio og avislesing i ulike format. Lokale hendingar blir derimot ikkje like godt dekt i andre medium enn i lokalavisene. Dei er viktige for demokratiet vårt. Dei lokale redaksjonane er tettast på sosiale, geografiske og politiske forhold i lokalsamfunna, og publiserer saker og avgjerder som elles ikkje ville blitt dekt. Derfor er det i første rekkje distribusjon av lokalavisene vi må sikre gjennom det statlege kjøpet, seier Gunaratnam.

Dagens ordning
Posten Bring har i dag kontraktar om avisdistribusjon på tysdag, torsdag og fredag, medan Aktiv Norgesdistribusjon har kontraktar for laurdagen. Laurdagskontraktane var lyst ut utan opsjonsmoglegheiter, og regjeringa har lenge signalisert at kjøp av laurdagsdistribusjon ikkje vil bli forlenga. Dette heng saman med at kjøpet er tilpassa lokalavisenes primære utgivingsdagar og laurdag er ikkje blant dei.

 
For fleire opplysningar – sjå:

Nøkkelord

Kontakter

Dokumenter

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye