Gynekologisk kreft: Dette bestemte styret i Helse Vest RHF
22.10.2026 13:20:52 CEST | Helse Vest RHF | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF vedtok fleire tiltak for å styrkje behandlinga av gynekologisk kreft i regionen på styremøtet i dag. Blant anna skal kirurgi for eggstokkreft bli samla i Helse Bergen på sikt.

Ei samling av tilbodet føreset at Helse Bergen først oppfyller konkrete, faglege krav. Inntil det vil Helse Stavanger og Helse Bergen halde fram samarbeidet om eggstokkreftkirurgi.
– Målet har heile vegen vore å styrkje og sikre eit best mogleg behandlingstilbod for kvinner med gynekologisk kreft på Vestlandet, også på lang sikt. Difor gjekk vi inn for dei fleste tiltaka som administrerande direktør i Helse Vest RHF hadde tilrådd, seier Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF.
Før ei flytting av dei om lag 24 årlege eggstokkoperasjonane frå Stavanger universitetssjukehus til Haukeland kan skje, må det vere dokumentert stabil høg kompetanse, kvalitet og kapasitet i Helse Bergen, slik dei i dag går fram av kriteria frå ESGO.
– Målet på sikt er å samle dei rundt 86 årlege operasjonane for eggstokkreft i regionen på Haukeland universitetssjukehus. Men styret ber om tett oppfølging for at ein reduserer sårbarheita, og ei ny sak med vurdering om samling av tenesta i Helse Bergen, når alle dei faglege krava er oppfylte, seier Landstad.
Bakgrunn og tiltak
Bakgrunnen for det regionale arbeidet når det gjeld gynekologisk kreft er fleire forhold. Helse Bergen hadde i 2024 utfordringar med å fylle den regionale rolla innan gynekologisk kreft, som følgje av mangel på erfarne spesialistar. Samstundes kom det ein ny nasjonal kreftstrategi, ny kvinnehelsestrategi og kvalitetsresultat, som viste behov for forbetring.
Ei ekstern fagfellevurdering, gjennomført av erfarne gynekologiske kreftspesialistar frå Sverige og Danmark, peikar på at dagens organisering er sårbar.
Hausten 2026 kom det også ein prosjektrapport frå fagfolk ved sjukehusa i Helse Vest og Helse Vest RHF, tillitsvalde, verneombod og brukarrepresentantar. Prosjektgruppa har føreslått ei rekkje tiltak (sjå tiltaka i rapporten) for å forbetre behandlinga av gynekologisk kreft i Helse Vest.
Grundig diskusjon i styremøte
Avgjerda skjedde etter ein grundig diskusjon i styremøtet i Helse Vest RHF torsdag 22. oktober.
– Det er gjort eit godt arbeid av Helse Vest RHF og prosjektgruppa i forkant av denne saka. Det har vore semje blant fagpersonane om utfordringane vi har og dei fleste tiltaka som er foreslått i rapporten. Alle tilrådingar er basert på faglege grunngivingar. Det er, og skal alltid vere, rom for fagleg usemje. Her har usemja handla om flytting frå SUS til Haukeland av rundt 24 eggstokkoperasjonar i året, seier Landstad.
Uavhengig av når flyttinga av eggstokkirurgi skal skje, vil utgreiing, medikamentell behandling, og oppfølging framleis bli gitt ved det lokale helseføretaket.
– Vi må sikre eit robust fagmiljø og god kvalitet på lang sikt, samtidig som vi tek vare på dei sterke fagmiljøa ved både Haukeland og SUS. Difor vil styret følgje opp behandling av gynekologisk kreft i regionen, og ber om årlege status framover, held Landstad fram.
Best mogleg behandling for heile regionen
For pasientane vil avgjerda til styret om eggstokkreft bety at Bergen held fram med å operere rundt 62 eggstokkoperasjonar i året, medan Stavanger vil ha rundt 24 eggstokkoperasjonar i året.
– Dette har vore ei krevjande sak, som vi samla har brukt mykje tid på i regionen. Vi er opptekne av at kvinnene i Helse Vest, både i Rogaland og i Vestland, får best mogleg behandling. Vi har, og har heile vegen hatt, høg tillit til fagmiljøa i både Bergen og Stavanger. No vil vi sjølvsagt forhalde oss til det styret har bestemt, og vi vil følgje opp saka framover, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
Fakta om saka
- Styret i Helse Vest RHF bestemte på styremøte 22. oktober at dei fleste tiltaka som er tilrådde, blir gjennomført. Blant anna skal kirurgi for eggstokkreft bli samla i Helse Bergen på sikt. Ei samling av tilbodet føreset at Helse Bergen først oppfyller konkrete, faglege krav. Inntil det vil Helse Stavanger og Helse Bergen halde fram samarbeidet om eggstokkreftkirurgi.
- For pasientane vil utgreiing, medikamentell behandling, og oppfølging framleis bli gitt ved det lokale helseføretaket. Strålebehandling blir, som nå, tilbudd i Helse Bergen og Helse Stavanger.
- Bakgrunnen for det regionale arbeidet om gynekologiske kreft er blant anna at Helse Bergen hadde utfordringar med å fylle den regionale rolla innan gynekologisk kreft i 2024. I tillegg kom det ein ny nasjonal kreftstrategi, ny kvinnehelsestrategi og kvalitetsresultat på eggstokkkreft, som viste at Helse Vest-regionen ligger lavest i landet på overlevelse etter fem år.
- Ei ekstern og uhilda fagfellevurdering, gjennomført av erfarne gynekologiske kreftspesialistar frå Sverige og Danmark, peikar på at dagens organisering er sårbar.
- Dei siste fire åra har det i gjennomsnitt vore om lag 86 operasjonar årleg innan eggstokkreft til saman i heile regionen, fordelt med rundt 62 i Helse Bergen HF og 24 i Helse Stavanger HF.
- Uavhengig av utfallet har Haukeland hatt, og vil fortsatt ha, eit særleg ansvar som regionsjukehus for gynekologisk kreft.
- Vurderinga frå administrasjonen i Helse Vest RHF av gynekologisk kreft er berre basert på faglege argument. Økonomi er ikkje ein del av vurderinga.
Saksdokument
- Styresak som blei behandla i styret i Helse Vest RHF 22. oktober
- Styresak med alle vedlegg som ble behandla i styret 22. oktober
- Rapport frå prosjektgruppa (per juni 2026)
- Fagfellevurderinga (per mars 2026)
- Mandat for prosjektet, og styresaka som var oppe i Helse Vest RHF-styret 11. mars 2026
Tidlegare saker
- Gynekologisk kreft: Dette bestemte styret i Helse Vest RHF (22. oktober 26)
- Anbefalingar om å styrkje tilbodet for gynekologisk kreft (12. oktober 26)
- Regional rapport om gynekologisk kreft er klar (1. juli 2026)
- Felles regionalt prosjekt for å styrke behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft (3. mars 2026)
- Skal få råd om utviklinga av behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft (31. mars 2025)
Nøkkelord
Kontakter
Mirjam KlingenbergSenior kommunikasjonsrådgiver
Tel:95876839klimir@helse-vest.noLenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Anbefalingar om å styrkje tilbodet for gynekologisk kreft12.10.2026 12:53:12 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF vil utvikle og styrkje behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft gjennom eit tett regionalt samarbeid og meir robuste fagmiljø. Anbefalinga er at kirurgisk behandling av eggstokkreft på sikt blir samla ved Haukeland universitetssjukehus. Kirurgi for livmorkreft skal framleis bli utført både ved Haukeland universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus.
Nye tilleggsoppdrag til sjukehusa om beredskap og kortare ventetider18.9.2026 13:10:14 CEST | Pressemelding
Sjukehusa på Vestlandet skal førebu seg på krig og kriser. Dei skal også redusere ventetidene og gi pasientane raskare og meir samanhengande behandling. Det er blant dei nye oppdraga som Helse Vest RHF ga sjukehusa i september.
Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar25.8.2026 12:27:34 CEST | Pressemelding
Nordmenn blir sende til røntgen, MR og CT, sjølv om undersøkingane ikkje gir nytte. No skal eit nytt nasjonalt nettverk og seks konkrete tiltak få ned overforbruk, redusere ventetider og sikre betre pasientbehandling.
Forskning som bidrar til bedre pasientbehandling1.6.2026 15:57:47 CEST | Pressemelding
Forskning i norske sykehus gir pasienter bedre, tryggere og mer skånsom behandling. Den nasjonale rapporten om forskning og innovasjon i spesialisthelsetjenesten viser hvordan klinisk forskning og digitale løsninger bidrar til raskere diagnostikk, likebehandling og tidligere tilgang til nye behandlingsmetoder.
Spesialisthelsetjenesten styrker beredskapen for krig22.5.2026 11:51:47 CEST | Pressemelding
Sykehusene og de regionale helseforetakene er forberedt på å møte nye krav til beredskap og krig.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom