Skjulte blindpassasjerar kan true norsk natur
23.10.2026 13:20:55 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Skadelege mikroorganismar har kome til Noreg med importerte planter og teke livet av tre i grøntanlegg og naturområde. No peikar nye risikovurderingar på fleire framande artar som kan etablere seg her. Men kva veit vi eigentleg om skadane dei kan føre til?

I slekta Phytophthora finst det mange framande artar som kan angripe buskar og tre. Dei kan òg gjere skade i frukt- og bærproduksjonen. Sporane spreier seg med vatn, og langs norske vassdrag har dette fleire stader ført til omfattande tredød.
Artane kjem gjerne til Noreg som blindpassasjerar i jorda som følgjer med importerte prydplanter. Hageplanter er ein av dei viktigaste spreiingsvegane for framande artar til landet. Ifølgje Artsdatabanken kjem 75 prosent av dei framande artane i Framandartslista til Noreg via importerte planter.
– Når Phytophthora først har etablert seg i eit område, er det svært vanskeleg å bli kvitt smitten. Det er eit alvorleg miljøproblem. Vi har registrert over 40 problemartar i Noreg, seier Martin Pettersson, forskar ved NIBIO.
For artar som enno ikkje har etablert seg her, er det særleg viktig å førebyggje spreiing før dei får fotfeste i naturen.
– I Noreg har vi i stor grad vore skåna for mange av dei framande artane som finst lenger sør i Europa, mykje på grunn av klimaet. Men dette kan vere i ferd med å endre seg, og framover kan vi vente ein tydeleg auke i talet på framande artar som etablerer seg her, seier Bjørn Arild Hatteland, forskar ved NIBIO.
– For å vurdere framtidig risiko må ein ikkje berre sjå på kva som finst i norsk natur i dag. Ein må òg undersøkje kva artar som finst lenger sør, korleis klimaet endrar seg, og kva artar som kan kome hit i åra framover, seier Hatteland.
Mange småkryp, som insekt, sniglar og edderkoppdyr, er lite undersøkte. Nokre kan kome inn med store vareparti eller importerte planter utan å bli oppdaga. Kunnskap om desse artane kan hjelpe forvaltninga med å oppdage nye førekomstar tidleg og vurdere behovet for tiltak.
– Målet er ikkje berre å forstå kva artar som gjer skade i dag, men òg å vere betre førebudd på dei som kan bli eit problem i framtida, avsluttar Hatteland.
Denne pressemeldingen er basert på en artikkel publisert på NIBIO.no. Medier kan fritt benytte både innholdet i pressemeldingen og tilhørende bilder mot kreditering av fotograf og henvisning til NIBIO.
Nøkkelord
Kontakter
Martin PetterssonNIBIO / Divisjon for bioteknologi og plantehelse
Tel:(+47) 908 70 706martin.pettersson@nibio.noBilder







Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Slik får du mest varme ut av veden22.10.2026 10:05:55 CEST | Pressemelding
NIBIOs vedekspert forklarer hvordan treslag, vedens vekt og hvordan den lagres har betydning for hvor mye energi du får ut av vedovnen.
Teknologi kan gjere jordarbeidinga meir presis21.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Ny teknologi kan hjelpe bønder med å tilpasse jordarbeidinga til behova på ulike delar av jordet. Under årets teknologidag på NIBIO Apelsvoll fekk rundt 250 deltakarar sjå korleis dette kan gjennomførast i praksis.
Økonomi og klima utfordrer fjellgårder med stølsdrift20.10.2026 14:18:21 CEST | Pressemelding
En ny NIBIO-studie viser at økonomi og klimaendringer gjør fjellgårder med stølsdrift sårbare. Offentlige tilskudd er avgjørende for mange av gårdsbrukene, mens erfaringene fra tørkesommeren i 2018 viser konsekvensene av ekstremvær.
Lønnsomhet, teknologi og rekruttering: Dette diskuteres på Arktisk landbruksseminar 202616.10.2026 15:40:57 CEST | Pressemelding
Hvordan sikrer vi matproduksjon, verdiskaping og bosetting i Nord-Norge? Dette er blant spørsmålene som står på agendaen når Arktisk landbruksseminar arrangeres i Tromsø 21. og 22. oktober.
NIBIO bidrar med kunnskap om trusler mot natur og mattrygghet16.10.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
Klimaendringer, internasjonal handel og nye planteskadegjørere kan skape risiko for norsk natur og matproduksjon. NIBIO-forskere bidrar med uavhengig kunnskap når Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) vurderer risiko og konsekvenser for norske myndigheter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom