Avlyser utvida stengetid i Nappstraumtunnelen
3.11.2026 12:59:22 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen innfører ikkje utvida nattestenging av Nappstraumtunnelen slik tidlegare varsla. Ordinær nattestenging frå kl. 23.00 til 06.00 gjeld framleis.

Statens vegvesen trekker med det varselet om å stenge tunnelen to timar tidlegare på Flesa og ein time tidlegare på Napp, frå og med 16. november til 6. desember.
– Etter at vi sende ut varselet, har vi sett at ulempa for folk og lokalsamfunnet samla sett blir for stor. I samråd med entreprenøren har vi difor droppa utvida stengetid, seier prosjektleiar Daniel Carløy Skjønsfjell i Statens vegvesen.
Kan forseinke framdrifta
Deler av oppgraderingsarbeidet i tunnelen kan berre utførast i plussgrader. Mellom anna gjeld det brannsikring av den vasstette duken i tak og vegger med sprøytebetong. Dette var bakgrunnen for at entreprenøren ønska utvida stengetid. No er det ikkje sikkert at entreprenøren får gjort heile jobben på denne sida av vinteren.
– Kjem kulda tidleg i år, må dei stoppe akkurat dette arbeidet. Får vi mildvær utan frost fram mot jul, kjem dei truleg i mål. Så no kryssar vi fingrane for ei mild førjulstid, seier Skjønsfjell.
Gjennomsleppet om natta blir flytta til kl. 00.30
Frå og med 16. november blir det nattlege gjennomsleppet av trafikk flytta frå kl. 02.00 fram til kl. 00.30 frå Flesa, og cirka kl. 00.40 frå Napp. Endringa er tilpassa vinterruta for ferjesambandet Bodø – Værøy – Røst – Moskenes og gjeld gjennom vinteren.
Stengetider gjennom vinteren
Frå 16. november:
- Tunnelen blir stengd som vanleg mellom kl. 23.00–06.00
- Nattleg gjennomslepp frå Flesa kl. 00.30
- Nattleg gjennomslepp frå Napp ca. kl. 00.40
- Gjennomslepp om morgonen som vanleg kl. 06.00
Nøkkelord
Kontakter
Daniel Carløy SkjønsfjellProsjektleder E10 NappstraumtunnelenStatens Vegvesen, Utbygging nord.
Tel:99353874daniel.carloy.skjonsfjell@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Arbeid på E18 i Fornebukrysset også kommende helg4.11.2026 13:54:28 CET | Pressemelding
Det blir arbeid og innsnevringer i Fornebukrysset også kommende helg. Granfosstunnelen vil være åpen, men det vil fortsatt bli kø ut av Oslo.
Arbeid på E39 Ognasundet bru4.11.2026 13:53:58 CET | Pressemelding
Statens vegvesen skal reparere ei fuge på Ognasundet bru i Bokn kommune.
Test stenger Stavanger-tunnelar4.11.2026 13:42:21 CET | Pressemelding
Statens vegvesen skal natt til fredag 13. november gjennomføre ein test på ventilasjonssystemet i Eiganes-, Hundvåg- og Byhaugtunnelen.
Arbeid på E39 i Vestnes4.11.2026 13:32:06 CET | Pressemelding
Arbeidet skjer mellom Furnes og Vestnes kyrkje.
Styrker vinterdriften på riksveg 3 i Østerdalen4.11.2026 12:11:12 CET | Pressemelding
Statens vegvesen vil styrke vinterdriften på riksveg 3 i Østerdalen. Hensikten er å bedre framkommelighet og beredskap vinterstid.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom