Nærings- og fiskeridepartementet

Lyngen kommune får innføre besøksbidrag

12.11.2026 12:00:00 CET | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

Del

Lyngen kommune får godkjent planen sin for besøksbidrag. Dermed får kommunen no eit nytt verktøy for å utvikle reiselivet lokalt.

Frå venstre varaordførar i Lyngen, Pål Andreassen, næringsminister Cecilie Myrseth og ordførar i Lyngen Eirik Larsen.
Frå venstre varaordførar i Lyngen, Pål Andreassen, næringsminister Cecilie Myrseth og ordførar i Lyngen Eirik Larsen. Erlend Skaug Ingebrigtsen

– Lyngen kommune og Lyngsalpene med dei høge toppane sine har blitt eit populært reisemål for turistar som ønsker nærleik til natur og opplevingar. Kommunen kjenner på utfordringane som følger med fleire turistar. No får dei høve til å legge betre til rette gode opplevingar for besøkande, samtidig som lokalbefolkninga blir varetatte, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Dei tre første kommunane som fekk klarsignal til å innføre overnattingsavgift var Tromsø, Vågan og Stranda, og no er Lyngen den neste kommunen som har fått planen godkjent av departementet.

Den auka pågangen av besøkande har resultert i kø på vegane og trafikkfarlege forhold, og kommunen viser til at belastninga på naturen og lokalbefolkninga aukar. Lyngen kommune har tilrettelagt for besøkande på fleire utfartsstader, men behovet aukar med fleire besøkande. Derfor vil kommunen nytte overnattingsavgifta til å bygge ut infrastruktur, gjennomføre natur- og miljøtiltak og vareta lokalbefolkninga.

Besøksbidragslova vart vedteken av Stortinget i juni 2025, og lova og forskrift om overnatting til kommunane tredde i kraft 1. juli i år. Kommunar som ønsker å innføre besøksbidrag, må lage ein plan og utarbeide lokale forskrifter. Planen må godkjennast av Nærings- og fiskeridepartementet før den kommunale forskrifta kan tre i kraft.

Kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet som har fått planen sin godkjent kan begynne å krevje inn overnattingsavgift frå tidlegast 1. januar 2027.

Departementet har også fått søknader om besøksbidrag frå Karlsøy og Vega, og Lofoten-kommunane som har levert ein samla plan frå Flakstad, Moskenes, Røst, Vågan, Vestvågøy og Værøy. Desse søknadene er til behandling.

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye