Arbeid i to rv. 5-tunnelar i Sunnfjord
18.11.2026 08:15:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen gjer elektroarbeid i Hornnes- og Bjørnsnestunnelen mellom Førde og Naustdal kommande veke.

Jobben startar måndag kveld, og varar fire påfølgande netter med arbeidstid 21.00-06.00.
Slik blir trafikkreguleringa
21.00-23.00: Kontinuerleg ledebilkøyring.
23.00-05.00: Timestengingar. Avgang frå Førde-sida kvar heile time med retur frå Naustdal-sida.
05.00-06.00: Kontinuerleg ledebilkøyring.
– Elles køyrer vi tilleggskolonner for eventuell rutegåande trafikk og utrykkingskøyretøy får passere så raskt som mogleg, seier byggeleiar Knut Roger Leivdal i Statens vegvesen.
– Vi gjer alltid det vi kan for å minimere ulempene for trafikantane. Derfor har vi lagt arbeidet til natta, den tida av døgnet då det er minst trafikk, legg han til.
Dette skal gjerast
Arbeidet Statens vegvesen skal gjere, er å erstatte gamle lysarmaturar med nye LED-lysarmaturar.
Vi skannar også tunnelane for å lage ein digital modell av dei, slik at vi har nøyaktig oversikt over utstyr og installasjonar, legg Leivdal til.
– Desse opplysningane vert registrerte i Nasjonal vegdatabank (NVDB). Dette gir oss eit betre grunnlag for å kunne ta raske og riktige avgjerder viss det skjer noko i tunnelane. Dette er ein del av beredskapen som avgjerande for oss som veg- og tunneleigar, noko som bidreg til trafikktryggleiken, avsluttar Leivdal.
Kontakter
Knut Roger LeivdalByggeleiar Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:90 55 47 90knut.roger.leivdal@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Arbeid ved Snåsavatnet21.11.2026 10:39:48 CET | Pressemelding
Vegvesenet gjer arbeid ved E6 Snåsavatnet dei neste tre vekene.
E6 Øyertunnelen blir stengd om natta i to veker20.11.2026 09:41:29 CET | Pressemelding
E6 gjennom Øyertunnelen, nord for Lillehammer, blir stengd om natta i veke 48 og 50 på grunn av elektroarbeid i tunnelen. Arbeidet startar søndag kveld og går fram til laurdag morgon begge vekene.
Arbeid på E39 ved Troldhaugen19.11.2026 12:15:50 CET | Pressemelding
Statens vegvesen gjer fram til jul arbeid på E39 Skiparvik bru, sørgåande retning, like sør for Troldhaugen i Bergen.
Mer venting på E6 i Salten18.11.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Fra mandag øker ventetida på E6 ved Setså i Saltdal kommune i Nordland.
Opna ¼ av OPS Hålogalandsvegen17.11.2026 17:59:47 CET | Pressemelding
I dag blei E10/rv. 85 Kanstadbotn–Langvasseid offisielt opna. Det sikrar trygg, rask og god framkomst mellom Lødingen og Sortland.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom