Riksantikvaren godtek ny bybane- og sykkeltrasé
20.11.2026 09:58:20 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sine forslag til ny trasé for bybanen og sykkelveg over Bryggen, og kjem ikkje til å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.

– Vår samla vurdering er at detaljreguleringa for Bybanen, delstrekninga Kaigaten-Sandviken, og hovudsykkelruta over Bryggen kan godkjennast av kommunen, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Ei godkjenning føreset at det blir gjennomført nødvendige arkeologiske undersøkingar og avbøtande tiltak, mellom anna miljøovervaking og risikostyring for å unngå påverknad av grunnvatnet.
I Bergen er det fleire kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi. Det fører med seg strenge krav til nye tiltak som verkar inn på desse verdiane.
– Bybanen er det viktigaste klimatiltaket Bergen kommune gjennomfører for å styre mot å bli eit lågutslepp-samfunn, seier Geiran.
– Kulturmiljøa må takast vare på samstundes som bane og sykkelveg bidreg til ei berekraftig byutvikling og betre transportløysingar i Bergen, seier Geiran.
Utfordringar med grunnvatn
Vurderinga byggjer på omsynet til kulturminne og kulturmiljø, som Riksantikvaren har ansvar for, krava i planforslaget til å unngå senking av grunnvatn og tiltaket si samfunnsnytte. Det gjeld spesielt i området som er definert som "Mellomalderbyen".
– I Bergen, og spesielt i Mellomalderbyen, har vi bokstaveleg tala tusen år med historie rett under føtene våre, nokre stader berre centimeter under fortau og bilveg, seier Geiran.
Store delar av Bergen sentrum er fundamentert på mellomaldergrunn. Den største usikkerheita i planforslaget er fare for grunnvassenking. Ei grunnvassenking vil ikkje berre råka kulturminne og kulturmiljø, men også stabiliteten i grunnen som bygningar er fundamenterte på.
– Begge prosjekta føreset arkeologiske undersøkingar, og for Bybanen også omfattande overvaking og sikring av grunnvatn og kulturlag, seier Geiran.
Store kulturmiljøverdiar
Mellomalderbyen Bergen, Bergen domkyrkje, Bergenhus festning og verdsarvstaden Bryggen er kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi. Det inneber strenge krav til nye tiltak som vil kunne få verknad for desse verdiane.
– Vi må forvalte verdsarven vår etter beste praksis, og sikre dei viktige kulturmiljøa i byen som vert påverka av tiltaka, seier Geiran.
– Bergen kommune har jobba godt med planforslaga for Bybanen, og sykkeltraseen følgjer i stor grad den som låg føre i reguleringa av bybanetraseen over Bryggen, seier Geiran.
– Det er også positivt at planforslaget held fast ved betringa av byrommet framfor Bryggen, seier Geiran.
Dei strenge krava i planforslaget, avbøtande tiltak og overvakinga i planforslaget er avgjerande for å sikre verdsarven, dei ulike verdiane og dei historiske kjenneteikna i Bergen.
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder

Dokumenter
Lenker
Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Se oversikten: Disse kirkene har søkt om tilskudd23.11.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Kirkebevaringsfondet har fått inn 247 søknader fra 139 kirker for 2027.
Sjå oversikta: Desse kyrkjene har søkt om tilskot23.11.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Kyrkjebevaringsfondet har fått inn 247 søknader frå 139 kyrkjer for 2027.
Eiere søker om 1,2 milliarder til kulturminner18.11.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren har fått inn tilskuddsøknadene til freda kulturmiljø og kulturminner for 2027, og behovene er store.
Kulturminneprisen 2026 til Sygard Grytting10.11.2026 14:08:56 CET | Pressemelding
Årets kulturminnepris går til Hilde og Stig Grytting på gården Sygard Grytting i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen.
Kulturminneprisen 2026 til Sygard Grytting10.11.2026 14:08:56 CET | Pressemelding
Årets kulturminnepris går til Hilde og Stig Grytting på garden Sygard Grytting i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom