Statens vegvesen

Arbeid i rv. 13 Vallaviktunnelen

27.11.2026 08:14:15 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Statens vegvesen skal arbeida i rv. 13 Vallaviktunnelen natt til onsdag 2. desember.

Rv. 13 Vallaviktunnelen ligg like nordvest for Hardangerfjorden og Hardangerbrua. Kart: Statens vegvesen
Rv. 13 Vallaviktunnelen ligg like nordvest for Hardangerfjorden og Hardangerbrua. Kart: Statens vegvesen

Jobben omfattar utskifting av tunnelvifter og anna arbeid i tunneltaket.

– Me arbeider om natta for å minimera ulempene for trafikantane. Dette er tida på døgnet med minst trafikk, seier byggjeleiar Mathias Riber Kronstad i Statens vegvesen.

Jobben og trafikkavviklinga

Arbeidet vil gå føre seg frå tysdag 1. desember klokka 20.00 til onsdag 2. desember klokka 06.00.

Det blir trafikkavvikling med ledebil, og trafikantane må rekna med inntil 15 minutt ventetid.

Omkøyring for Lærdalstunnelen; ikkje stengd

Rv. 13 er ein av omkøyringsvegane medan E16 Lærdalstunnelen vert oppgradert, ein jobb som starta 16. november, med stengjetid 18.00-06.00.

Mange vil kanskje lura på kvifor Statens vegvesen har arbeid på denne omkøyringsvegen i delar av det same tidsrommet.

– Då vil me for det første gjenta at Vallaviktunnelen ikkje på noko tidspunkt skal vera stengd den eine natta dette arbeidet varar. Ledebilen går kontinuerleg, understrekarr Kronstad.

– Og så vil me presisera at fortløpande nødvendig arbeid på vegnettet, slik som dette, er eit kontinuerleg arbeid som må gjerast heile året, i tillegg til store oppgraderingsprosjekt som det i Lærdalstunnelen, avsluttar han.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye