Kveite gir ikkje betre lønsemd enn bygg – høg risiko held produksjonen nede
9.4.2026 08:00:00 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Trass i høgare tilskot og stor etterspurnad, aukar ikkje norsk kveiteproduksjon nemneverdig. Nye analysar frå NIBIO viser at hovudårsaka er enkel: Kveite gir ikkje betre økonomi enn bygg – men inneber større risiko for bonden.

– Når bygg gir like godt dekningsbidrag som kveite, samstundes som risikoen er lågare, er det forståeleg at mange vel bygg, seier Amund Dønnum, kornbonde og leiar for Matkornpartnerskapet.
Like inntekter – ulik risiko
NIBIO har analysert rekneskapstal frå rundt 1000 gardsbruk i perioden 2020–2024. Resultata viser at dekningsbidraget for kveite og bygg i snitt er om lag likt når tilskot er rekna med.
Samtidig varierer resultata meir i kveiteproduksjon. Risikoen er høgare, både agronomisk og økonomisk.
– Det krev mykje for å oppnå matkornkvalitet. Blir det vått vêr under innhausting, kan kvaliteten falle, og kveiten må seljast som fôr til lågare pris, forklarar Dønnum.
Dermed får ikkje bonden nødvendigvis betre betalt for å dyrke kveite – sjølv om marknaden etterspør det.
Høge krav til investeringar
Analysen viser også at lønsam kveiteproduksjon ofte krev store investeringar.
Bønder med eigen korntørke og lagerkapasitet oppnår betre resultat, fordi dei i større grad klarer å sikre kvaliteten på kornet. Samstundes er dette investeringar som kostar fleire millionar kroner, og som i praksis berre er aktuelle for større bruk.
– Mange peiker på manglande tørke- og lagringskapasitet som ei viktig flaskehals, seier seniorrådgjevar Anna Landrø Hjelt i NIBIO.
Ho understrekar at bønder med eigen kapasitet står betre rusta til å handtere år med vanskelege innhaustingsforhold.
Dette kan auke kveiteproduksjonen
For å få fleire bønder til å satse på kveite, må risikoen ned, ifølgje analysen.
Tre tiltak peiker seg ut:
- auka arealtilskot for kveite
- høgare pris på fôrkveite
- investeringsstøtte til tørke- og lagringsanlegg
– Eit høgare arealtilskot er det mest kostnadseffektive tiltaket for å betre lønsemda totalt, seier Landrø Hjelt.
Dersom målet er å redusere risikoen ved kvalitetstap, kan høgare pris på fôrkveite vere meir treffsikkert.
Viktig for norsk sjølvforsyning
Bakgrunnen for analysen er målet om å auke norsk produksjon av matkorn. I dag blir ein stor del av kveiten importert, og sjølvforsyningsgraden for mat er rundt 40 prosent målt i energi.
Det er brei semje om at norskandelen av matkorn kan aukast betydeleg. Likevel har kveiteproduksjonen berre auka svakt dei siste åra.
– Skal vi få til ein kraftig auke, må vi løyse både risikoen og logistikken. Kveite må bli eit trygt val for bonden – ikkje eit vågespel, seier Dønnum.
Nøkkelord
Kontakter
Helge BonesmoNIBIO / Divisjon for matproduksjon og samfunn
Tel:(+47) 917 93 100helge.bonesmo@nibio.noBilder




Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Nye tal frå SSB gav store utslag i årets berekningar for jordbruksoppgjeret16.4.2026 13:07:07 CEST | Pressemelding
I dag legg budsjettnemda for jordbruket fram grunnlagstal for jordbruksoppgjeret for 79. gong. Årets tal syner store avvik frå i fjor.
CO₂ utslipp fra dyrket myr kan være lavere enn antatt16.4.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Dyrket myr regnes som en vesentlig kilde til klimagassutslipp i Norges rapportering til FNs klimakonvensjon. En ny studie viser imidlertid at dagens beregningsmetode kan overvurdere CO₂‑utslippene, særlig i områder med relativt høy grunnvannstand.
Matkveite er viktig for sjølvforsyninga, men det kan vere vanskeleg å lukkast med avlinga15.4.2026 11:30:00 CEST | Pressemelding
For at det skal lønne seg å dyrke haustkveite til mat, må bønder oppnå matkvalitet i minst tre av fem år. Samtidig er det store regionale forskjellar i kor lett det er å lukkast.
Biokull kan gi bedre jordhelse og lavere klimaavtrykk15.4.2026 10:07:15 CEST | Pressemelding
I et treårig prosjekt har forskere ved NIBIO testet hvordan biokull påvirker potetavlinger og jordkvalitet under norske forhold. Resultatene viser at biokull i liten grad øker avlingene, men at det kan ha andre fordeler.
Nytt prosjekt skal optimalisere beitebruken i Norge15.4.2026 09:10:32 CEST | Pressemelding
Det nye forskningsprosjektet TechGraze skal teste hvordan virtuelle gjerder og fjernmåling med droner kan gi bedre utnyttelse av norske beiteområder. Målet er å styrke både matsikkerhet, dyrevelferd og biologisk mangfold.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom