Gode kornår aukar risikoen for overskot av fôrkorn
21.4.2026 08:56:16 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Gode avlingar og stabil etterspurnad aukar risikoen for overproduksjon av fôrkorn i Noreg. Nye analysar viser at endringar i kosthald kan forsterke problemet.

Løysinga kan mellom anna liggje i auka matkveitedyrking og betre utnytting av grovfôr, men endringar i etterspurnad av husdyrprodukt er ein joker i den norske kornmarknaden, ifølgje ein analyse presentert på Korn 2026-konferansen tidlegare i år.
Overskot av mange årsaker
Tilførselen av norsk fôrkorn er prega av store svingingar, samtidig som etterspurnaden etter fôrkorn har vore relativt stabil. I enkelte år må derfor fôrkorn overlagrast til neste sesong. Ei analyse frå NIBIO, presentert av forskar Helge Bonesmo, viser at risikoen for overlagring kan vere aukande, og dermed føre til overproduksjon og lagringsproblem.
Fleire årsaker kan føre til overskot av fôrkorn. For det første varierer vêrforholda, og vêret er alltid avgjerande for avlingsnivået. Dei siste ti åra har til dømes byggavlinga variert mellom 355 til 644 000 tonn.
– Om bøndene lukkast med meir matkveite av matkvalitet, som gir større utbytte, reduserast tilgangen til fôrkorn. I dag utgjer norsk kveite rundt 60 prosent av det totale kveiteforbruket, medan målet er 90 prosent, fortel Bonesmo.
– Valet til bonden av kornslag avheng av prisar, tilskot og tilgang på såkorn. Bygg og havre er dei viktigaste fôrkornslaga, men etterspurnaden av desse i kraftfôrproduksjonen har ikkje halde tritt med auken i tilførselen.
Meir matkveite og betre grovfôr
Forskarane har utvikla ein modell for å berekne konsekvensane av ulike tiltak. Denne er basert på data frå NIBIOs Driftsgranskingar i jord- og skogbruk – eit omfattande datasett over norske gardsbruk. Modellen tar omsyn til vêrvariasjonar, dyrkingsteknikk og geografiske forskjellar.
– Med ein slik modell har vi høve til å simulere ulike scenario, til dømes kva som skjer om matkveiteproduksjonen aukar eller om grovfôrkvaliteten blir betre, forklarer Bonesmo.
Han fastslår at begge scenarioa vil bidra til å dempe risiko for overproduksjon av fôrkorn. Ved betre grovfôr, det vil seia gras og surfôr med høgare fôrverdi, vil det bli meir rom for norsk fôrkorn i kraftfôret.
– Desse tiltaka vil sikre marknadsbalanse samtidig som det styrkjer den norske sjølvforsyningsgraden, fastslår Bonesmo.
Endringar i kosthald kan føre til systematisk overproduksjon
Helsedirektoratet gir jamleg ut nasjonale kosthaldsråd. Kosthaldsråda for 2026 inneber eit lågare forbruk av animalske matvarer, og setter søkelys på eit variert, plantebasert kosthald med grønsaker, frukt og bær dagleg. Med til dømes 50 prosent etterleving av kosthaldsråda – som inneber lågare kjøtkonsum – vil dette ifølgje analysen føre til ein systematisk overproduksjon av fôrkorn, gitt dagens arealbruk.
– Ved dagens etterspurnad kan overskotet i gode kornår vanlegvis løyses ved overlagring hos kornkjøparane, seier Bonesmo.
– Men viss bruken av kraftfôr går ned, til dømes på grunn av nedgang i husdyrproduksjonen, blir det vanskelegare å regulere marknaden.
– Balansen i fôrkornmarknaden er avgjerande for arealbruken i heile landet. Tiltak som held samsvar mellom tilbod og etterspurnad, vil bidra til å sikre det norske jordbruksarealet, avsluttar Bonesmo.
Nøkkelord
Kontakter
Helge BonesmoNIBIO / Divisjon for matproduksjon og samfunn
Tel:(+47) 917 93 100helge.bonesmo@nibio.noBilder


Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Flere våpen mot skadedyr i protein- og oljevekster21.4.2026 13:52:05 CEST | Pressemelding
Skadedyr truer norsk dyrking av erter, åkerbønner og oljevekster – samtidig som tilgangen på kjemiske plantevernmidler blir stadig mindre. Nå må bøndene ta i bruk nye metoder for å beskytte avlingene.
Kva gir kveik den unike smaken? No skal bryggjarar og forskarar finne svaret20.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Voss Fellesbryggeri går i spissen for eit nytt forskings- og innovasjonsprosjekt som skal finne ut kva som eigentleg gir kveik den unike smaken – og korleis han kan brukast til å utvikle betre og meir berekraftig ølbrygging.
Nye tal frå SSB gav store utslag i årets berekningar for jordbruksoppgjeret16.4.2026 13:07:07 CEST | Pressemelding
I dag legg budsjettnemda for jordbruket fram grunnlagstal for jordbruksoppgjeret for 79. gong. Årets tal syner store avvik frå i fjor.
CO₂ utslipp fra dyrket myr kan være lavere enn antatt16.4.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Dyrket myr regnes som en vesentlig kilde til klimagassutslipp i Norges rapportering til FNs klimakonvensjon. En ny studie viser imidlertid at dagens beregningsmetode kan overvurdere CO₂‑utslippene, særlig i områder med relativt høy grunnvannstand.
Matkveite er viktig for sjølvforsyninga, men det kan vere vanskeleg å lukkast med avlinga15.4.2026 11:30:00 CEST | Pressemelding
For at det skal lønne seg å dyrke haustkveite til mat, må bønder oppnå matkvalitet i minst tre av fem år. Samtidig er det store regionale forskjellar i kor lett det er å lukkast.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom