Kongsberg Gruppens årsrapport blir teater
18.5.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
"Kongsberg Gruppen har levert rakettvekst i flere år", skreiv Finansavisen 6. mai. Og det er nettopp dette som er utgangspunktet for teaterframsyninga, eller bedriftseventet, Det har vore eit fantastisk år: Kongsberg Gruppens gode resultat, og det faktum at staten og vi alle eig 50,004% av aksjane i milliardbedrifta. Kva gjer det med oss? Kva seier det om oss og tida vi lever i?

DET HAR VORE EIT FANTASTISK ÅR
URPREMIERE FREDAG 22. MAI KL. 19.00
MIDTGOLVET, FOAJEEN I 2. HØGDA
Kvifor går det så det grin i den lokale Kongsberg-bedrifta som fekk sit internasjonale gjennombrot allereie i 1892 med Krag-Jørgensen-rifla? Jo, fordi er krig ute i verda, og Kongsberg Gruppen er Noregs største produsent innan forsvarsmateriell. Vi snakkar om missil, luftvernsystem, maskingeværsystem til militære køyretøy og satelittovervakingsutstyr.
Crazy-komedie av ein årsrapport
Det vil altså seie at AS Noreg tener store pengar på produksjon av artiklar som er naudsynte til krigar ute i verda vi kanskje støttar, sjølv om vi moralsk sett er negative til krig. Og det er jo eit paradoks. Slike paradoks kan det komme mykje humor ut av, og det har inspirert gjengen bar suksessframsyninga Europavisjonar til å lage ein crazy-komedie med utgangspunkt i den faktiske årsrapporten til Kongsberg Gruppen for 2025.
- Det handlar om kva vi tener pengar på, skammar oss over og samtidig er litt stolte av, seier Simen Formo Hay, som både er regissør, skriv mannus og står på scenen.
LES MEIR HER.
Eit årsmøte utanom det valege
I framsyninga Det har vore eit fantastisk år blir publikum deltakarar på årsmøtet for Kongsberg Gruppen. Her legg leiinga fram tal, knusktørre rapportar og informasjon om den dårlege medarbeidarundersøkinga. Etter det obligatoriske programmet, blir det innslag frå revygruppa og sommarfest. Med inspirasjon frå filmkomediar frå 80-og 90-talet, har framsyninga fått undertittelen: Hjelp, vi er i våpenbransjen!. På golvet står eit heiltent skodespelarlag som er klar for å la årsmøtet skli heilt ut.
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noBilder






















Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.
Frå guttastemning til fascisme5.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Army boots, skinhead, bomberjakke og bøllete oppførsel. Før kunne ein kjenne ein rasist når ein såg han. I dag er rasisten forkledd i pene klede, gode formuleringar, konspirasjonsteoriar og statistikk som passar. Dette er den nye fascismen, og landskapet framsyninga «Gutta» ønskjer å undersøke.
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom