Det Norske Teatret

Teatervår i kjærleikens teikn

10.11.2026 15:40:24 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding

Del

Musikk av Emilie Nicolas, nytt stykke av Arne Lygre, teater med ekko av opprøra frå Europa, filmsuksess som musikal, smertefull kjærleik og barneteater med aktuelle tema. Dette er ingrediensane i våren 2027.

Musikalen basert på Colin Nutleys Änglagård er vårens store musikal. Foto: Eirik Malmo.

Hausten på Det Norske Teatret har invitert publikum til å reflektere over komplekse problemstillingar og til å ta stilling. Våren byr også på interessante, vanskelege og viktige tema, men ein grunntone er ulike formar for kjærleik.

Elskov og kjærleik går aldri av moten.
Artisten Emilie Nicolas  debuterer som teaterkomponist med musikken til Ein midtsommarnattsdraum. Regissør Johannes Holmen Dahl og scenograf- og kostymedesignar skal lage ein leiken og erotisk versjon av Shakespeares kjærleikskomedie. Kostyma  hentar inspirasjon frå dyreriket, eventyr og er blanda med element frå både gotikken og elisabethansk tid.
I rolla som Puck gjestar skodespelar Kjersti Tveterås Det Norske Teatret for første gong, medan dei elskande ungdommane blir spelt av Natalie Bjerke Roland, Tord Kinge, Ameli Isungset Agbota og Deniz Kaya.

Premiere 23. januar på Hovudscenen.

Eit heilt nytt stykke frå dramatikar Arne Lygre. Om sorg og nærleik – og om banda som kanskje ikkje lenger held oss saman.
Arne Lygre har stått bak nokre av dei store teatersuksessane dei seinare åra, som Tid for glede og no sist I vårt sted og Meg nær på Nationaltehatret. I vårt sted var i Sigrid Strøm Reibo sin regi, og det er ho som står for iscenesetjinga denne gongen også. På scenen har ho med seg Thea Lambrechts Vaulen, Ane Dahl Torp, Hibba Najeeb, Carl Martin Eggesbø og Mohammed Aden Ali. Det skal handle om ei tragisk ulykke frå fortida som kastar mørke skuggar inn i samtida, og om dei vanskelege relasjonane - eit gjentakande tema hos Lygre.

Urpremiere 30. januar på Scene 2.

Ein feelgood-musikal basert på suksessfilmen til Colin Nutley.
1992 gjekk folk mann av huse for å få med seg Helena Bergström og Rikard Wolff på kinolerretet. I 2023 fekk filmen  urpremiere som musikal med musikk og songtekstar av Fredrik Kempe og manus av Edward af Sillén og Daniel Réhn, og gjorde stor suksess i Sverige. No blir det noregspremiere, med Ina Svenningdal og Ken-Philippe Tete i rollene som det rocka venneparet Fanny og Zac. 

Noregspremiere 5. mars på Hovudscenen.

Kan ein valdeleg mann reddast?
Goksøyr&Martens har sidan slutten av 90-talet laga nyskapande framsyningar med hjelp av ein kompromisslaus dokumentarisk metode. Det har handla om livet i det store - ungdomstid, døden, søskenrelasjonar. No er dei tilbake med ei ny framsyning om kjærleik og vald i nære relasjonar. For korleis er det når den du elskar mest, er den som også skadar deg?

Urpremiere 27. februar på Scene 2.

Oslo, 2030. Sentrum er nedstengd. Det er krigsfrykt og forsamlingsforbod. Ei gruppe unge menneske gøymer seg frå mobiliseringa i det nedstengde Det Norske Teatret.
Dette skal bli ei kaotisk og mørk forteljing, der scenen blir gjort om til eit konsertlokale. 
Framsyninga er eit opprør, eit skrik frå undergrunnen som tek til seg strømmingane frå all uroen som for tida spreier seg over store delar av Europa.
Det er også ei kjærleikshistorie om Tåre og Molotov. Ei forteljing om å tenne på ting, om å melde seg ut.

Urpremiere 9. april på Scene 2.

Korleis skal eit barn takle det når ein forelder vel å forlate livet?
Dette vanskelege temaet vil Feil Teater utforske i ei framsyning for barn. Feil Teater har gjennom sin rike teaterproduksjon vist at dei er på same tid uredde og audmjuke i tilnærminga til teater for barn. 
Ei natt forsvinn ein pappa ut i mørkeret, ned i djupet og blir borte. Tilbake sit ein forvirra gut med mange tankar. Var det hans feil?

Urpremiere 20. januar på Scene 3.

Det hastar. Heile verda si framtid står på spel.
Derfor kallar Barnas Tryggingsråd inn alle barn til eit superviktig møte.
Framsyninga til Feil Teater er utvikla som ei interaktiv framsyning, der barna sjølve er med på å utforme løysingar på store verdsproblem. 

Urpremiere 11. mars på Scene 3.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Uttrykk 4000 meters djup
Uttrykk 4000 meters djup
Foto: Magnus Skrede
Last ned bilde
Emilie Nicolas, komponist Ein Midtsommarnattsdraum
Emilie Nicolas, komponist Ein Midtsommarnattsdraum
Foto: Lasse Fløde
Last ned bilde
Uttrykk Ein midtsommarnattsdraum.
Uttrykk Ein midtsommarnattsdraum.
Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Uttrykk Änglagård
Uttrykk Änglagård
Foto: Eirik Malmo
Last ned bilde
Uttrykk Lengt
Uttrykk Lengt
Foto: Magnus Skrede
Last ned bilde
Uttrykk Helgas auge
Uttrykk Helgas auge
Foto: Signe Fuglested Luksengard
Last ned bilde
Uttrykk Barnas tryggingsråd
Uttrykk Barnas tryggingsråd
Last ned bilde
Uttrykk Barnas tryggingsråd
Uttrykk Barnas tryggingsråd
Last ned bilde
Uttrykk Molotov kjærleik
Uttrykk Molotov kjærleik
Foto: Eilif Fjeld Teisbo
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding

-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye