Kva har 22. juli hatt å seie for ettertida?
5.6.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
I år er det 15 år sidan terroren i regjeringskvartalet og på Utøya. Kva var det som engasjerte ungdommen som var på Utøya den gongen? Og korleis har det prega ungdommeleg engasjement i dag?

15 ÅR
ei dokumentarframsyning av Kathrine Nedrejord, med fleire
URPREMIERE 10. JUNI 2026
PÅ ROMMEN SCENE
I den dokumentariske teaterframsyninga 15 år har dramatikar Katrine Nedrejord i samarbeid med regissør Tatu Hämalainen og dramaturg Ingrid Weme snakka med overlevande etter 22. juli-terrroren som var rundt 15 år for 15 år sidan. Kven var dei? Kvifor blei dei politisk aktive? Korleis var det på Utøya før terroråtaket? Og korleis har dette påverka dei som er politisk aktive 15 åringar i dag?
Resultatet har blitt ei stemningsfull og lada framsyning der publikum blir tatt med til Utøya-leiren. Det handlar om ungdommeleg engasjement, kjærleik, vennskap, samtalar rundt bålet og politikk. Til saman har alle desse røystene blitt til ei brokete og samansett gjengiving av ein intens periode av norsk samtidshistorie.
Korleis er det med engasjementet i dag?

Mot slutten av framsyninga vil politisk engasjert ungdom av i dag ha ein samtale om politikk. Dei diskuterer tema på ters av partipolitiske og ideologiske skiljeliner og syner ein veg for den politiske framtida.
Her kan du lese meir om arbeidet med å lage framsyninga.
Om å ikkje miste håpet

Gaute Børstad Skjervø overlevde 22. juli-terroren, og er ein av dei gjenlevande som har valt å komme tilbake til politikken. Dei som har følgt med i media, har fått med seg at det på ingen måte har vore lett i det siste. Samtidig har det vakse fram ei alternativ sanning i sosiale media, der 22. juli-terroren blir omtalt som ein konstruksjon.
Her kan du lese leiar i AUF, Gaute Børstad Skjervø sin artikkel.
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noBilder








Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.
Frå guttastemning til fascisme5.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Army boots, skinhead, bomberjakke og bøllete oppførsel. Før kunne ein kjenne ein rasist når ein såg han. I dag er rasisten forkledd i pene klede, gode formuleringar, konspirasjonsteoriar og statistikk som passar. Dette er den nye fascismen, og landskapet framsyninga «Gutta» ønskjer å undersøke.
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom