Forskarar er samde: Regelverk står i vegen for biologiske plantevernmiddel
11.6.2026 11:31:41 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Trass i lovande forskingsresultat kan det ta opptil ti år å få godkjent biologiske plantevernmiddel i EU. Forskarar meiner dagens regelverk er tilpassa syntetiske middel og hindrar at nye biologiske alternativ kjem på marknaden.

Strengare krav til helse og miljø har gjort det vanskelegare å få godkjent nye plantevernmiddel. Dette gjeld ikkje berre syntetiske middel, men også biologiske alternativ baserte på naturlege stoff og mikroorganismar. Trass i lovande resultat, når berre få av desse produkta marknaden i EU.
Regelverket stoppar lovande løysingar
I mai i år leia NIBIO ein stor internasjonal konferanse på Lofthus i Hardanger. Tema for konferansen var plantesjukdomar etter hausting av frukt- og grønt. Over 100 forskarar var samla i regi av International Society for Horticultural Science (ISHS).
Ein av deltakarane på konferansen var forskar Neus Teixidò frå Institut de Recerca i Tecnologia Agroalimentàries (IRTA) i Spania.
Ho har jobba med utvikling av biologiske plantevernmiddel i over tretti år, og har ferdigutvikla seks slike middel, men ingen av dei har kome ut på marknaden.
– Me har prøvd alt. Me har patentert plantevernmidla våre og sørga for at instituttet vårt har dei nødvendige godkjenningane. Me har også forsøkt å overføra rettane til kommersielle selskap. Me har utvikla middel på oppdrag frå næringslivet og hatt eit omfattande samarbeid med dei. Til tross for alt dette, har me ikkje lukkast i å nå ut i marknaden med produkta våre.
– Samstundes er me stolte over å ha utvikla viktig kunnskap som er publisert og kan komma til nytte i samhellet, seier Teisidò.
Det er fleire hindringar i systemet som gjer at middel, eller kombinasjonar av middel med god effekt, ikkje når ut til dei som treng dei. Utfordringa er særskilt stor for middel som vert nytta etter hausting fordi dette er ein mindre marknad.
Noreg er avhengig av EU
NIBIO-forskar Jorunn Børve forskar på sjukdomar i frukt, både før og etter hausting. Ho er også oppteken av utfordringane med godkjenning av nye middel.
– Generelt er utfordringane enno større i Noreg enn i EU, fordi marknaden vår er så liten. Å få godkjent eit middel berre for bruk i Noreg, er nær umogleg sidan det er sannsynleg at det ikkje er lønnsamt for produsenten, forklarar Børve.
– Heile godkjenningssystemet i EU er tilpassa syntetiske plantevernmiddel. Då vert det tilført eit stoff på planta, i ein kjent konsentrasjon, til gitte tidspunkt. Så vert det målt om det er restar att i produkta ved hausting. Biologiske middel kan vera annleis. Dei kan vera ein kombinasjon av fleire stoff eller mikrobar, og dei kan vera laga av noko som allereie er på planta, eller som ein ynskjer at skal etablera seg på plantene. Dette gjer det meir komplisert å gjennomføra alle testane som EU-reguleringane krev, forklarar ho vidare.
Effekten av kvart einskild biologiske middel er som regel mindre enn for syntetiske plantevernmiddel. Difor er det ofte tilrådd å nytta dei i lag med andre tiltak, som eit alternativ til nokon av sprøytingane med syntetiske middel. Elles vert fleire biologiske middel ofte nytta i kombinasjon. Ved bruk av fleire ulike middel må kvart einskilde middel godkjennast, og for kvart middel er det krav om like mykje dokumentasjon. Fleire testar som EU krev, er dessutan ikkje relevante for biokontrollmiddel. Likevel er dei pålagt. Det noverande systemet er med andre ord dårleg tilpassa godkjenning av desse midlane.
Ti år for ei godkjenning
Den vanskelege godkjenningsprosessen påverkar lønsemda i marknaden og har vorte ein flaskehals. Det er rett og slett vanskeleg å få lønsemd i sal av biologiske plantevernmiddel. Ein representant for næringa på ISHS-konferansen skildra erfaringa frå hennar firma: «Slik systemet er no, tar det ti år og kostar 2 millionar Euro å få eit middel godkjent. Det vil ta minst ti år å tena dette inn att. Risikoen vert for stor.»
– Biologiske middel har ofte eit smalare verknadsområde og dei kan vera meir sensitive for temperatur og andre miljøtilhøve enn syntetiske middel. Dersom dei ikkje vert nytta rett, har dei ikkje effekt og kundane vert misnøgde, utdjupar Børve.
– Det er ekstra viktig at desse midla vert testa nøye i praksis, understrekar ho.
Sjå til Brasil
Det er ikkje like komplisert i alle land. Brasil er eit døme på at prosessane kan gå mykje fortare, utan at ein lempar på sikkerheita.
– Biologiske middel kan og ha negativ verknad på helse og miljø. Difor er det viktig å ha eit kontrollsystem. I Brasil har dei laga eit eige system for biokontrollmiddel som er tilpassa dei utmaningane som finst med desse midla. No tek det eitt til to år å få eit slikt middel gjennom systemet i Brasil mot ti år i EU.
Brasil har godkjent langt fleire biologiske plantevernmiddel enn EU.
– Mange forskarar meiner at EU må gjera noko liknande. Me treng ei større verktøykasse. Skal biologiske plantevernmiddel bli eit reelt alternativ i europeisk landbruk, meiner mange forskarar at EU må utvikla eit eige godkjenningssystem for desse produkta, seier Børve.
Nøkkelord
Kontakter
Jorunn BørveNIBIO / Divisjon for bioteknologi og plantehelse
Tel:(+47) 958 78 057jorunn.borve@nibio.noBilder




Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Hvor mye energi kreves for å produsere maten vår?24.6.2026 13:36:52 CEST | Pressemelding
Det går med rundt 0,3 kilowattimer for å produsere en liter melk, mens en kilo kalkunkjøtt krever nær ni ganger så mye energi. Nye beregninger fra NIBIO viser store forskjeller i energibruken mellom ulike jordbruksproduksjoner.
Fann karanteneskadegjerar i eigne tomatar23.6.2026 13:24:34 CEST | Pressemelding
Ein alvorleg karanteneskadegjerar vart i fjor påvist i tomatar i ein privathage. Funnet understøtter at også hobbydyrkarar kan få inn plantesjukdommar gjennom importerte tomatfrø, og at slike smittestoff kan utgjere ein risiko for norsk tomatproduksjon.
Framtidas VIPS skal gi råd til kvar enkelt åker22.6.2026 13:23:20 CEST | Pressemelding
Under Plantehelsedagen 2026 diskuterte forskarar, rådgjevarar og bønder korleis VIPS må utviklast for å møte framtidas utfordringar. Kunstig intelligens, dronar og sensorar kan gjere framtidas varslingsteneste langt meir presis enn den er i dag.
Kan genredigering redde jordbær fra rød marg?19.6.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
Plantesykdommen rød marg er en økende trussel mot norsk jordbærproduksjon. Forskere ved NIBIO ønsker nå å bruke CRISPR-genredigering for å utvikle mer resistente jordbærsorter som kan tåle sykdommen bedre.
Nå blir genredigering lovlig i EU18.6.2026 12:32:02 CEST | Pressemelding
EU vedtok 17. juni et nytt regelverk som åpner for bruk av genredigering som CRISPR i planteforedling. Når reglene trer i kraft, vil genredigerte planter uten fremmed DNA bli regulert på lik linje med konvensjonelt foredlede planter. Dermed kan genredigerte matvarer komme på markedet i Europa i løpet av få år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom