Fleire blomsterfluger i økologiske frukthagar – men også dei ber på plantevernmiddel
16.6.2026 10:13:00 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
NIBIO forskar på korleis plantevernmiddel påverkar pollinatorar og nytteinsekt. Så langt viser resultata at ein finn fleire blomsterfluger i økologiske frukthagar, men forskarane finn også rester av plantevernmiddel i desse flugene.

Åkerholmar og kantsoner er viktige tilhaldsstader for pollinatorar og andre nytteinsekt. Samstundes veit vi lite om korleis plantevernmiddel frå nærliggande jordbruksareal påverkar desse insekta.
I eit prosjekt leia av NIBIO undersøker forskarar korleis plantevernmiddel spreier seg frå jordbruksareal og kva effekt dei kan ha på nytteinsekt. Forskarane tek prøver av jord, vegetasjon, luft og insekt, og kartlegg både samansetjing av artar og eksponering for plantevernmiddel.
No ligg dei første analysane frå 2024 klare, med særleg fokus på jord, vegetasjon, blomsterfluger og nokre luftmålingar frå Lofthus-området i Hardanger.
Fleire blomsterfluger der det ikkje blir sprøyta
I prosjektet har forskarane tatt utgangspunkt i blomsterfluge som er ei gruppe viktige pollinatorar. Blomsterfluger er vanleg i kantsoner, der dei vaksne flugene i hovudsak tek opp pollen som har falle ned på blad.
Som ein del av arbeidet har ein Master-student frå Universitetet i Bergen samla inn blomsterfluger og artsbestemd desse. 503 individ har blitt analysert for plantevernmiddelrestar.
- Førebelse resultat tyder på fleire individ og fleire artar i område med økologisk produksjon. Blomsterflugene ser ut til å trivast betre der det ikkje blir sprøyta, fortel Roger Holten, forskar ved NIBIO og leiar for prosjektet.
Samstundes finn forskarane rester av plantevernmiddel også i desse flugene.
– Det er antakeleg slik at blomsterflugene flyg rundt og blir eksponert andre plasser og tek med seg rester inn i dei økologiske områda. Førebels er det uklart kva slags effekt pesticidrestane har, men vi kjem til å samanlikne funna våre mot tilgjengelege data på giftigheit frå litteraturen. Slik kan vi kanskje seie noko om funna våre kan ha noko å seie for pollinatorar generelt.
Drifta og landskapet spelar inn
Totalt er 46 artar identifiserte. Artane har ulike levevis og ulike krav til leveområde. Prøvetakinga i prosjektet har konsentrert seg om produksjonsområde i Lofthus, Djønno, Sekse og Børve i Hardanger.
-Ved Børve, som driv økologisk fruktproduksjon, blei det registrert 260 individ og 28 artar av blomsterfluger. I Lofthus, med intensiv og tradisjonell produksjon, blei det registrert 51 individ og 18 arter. Det er altså samla inn rundt 200 færre individ i Lofthus enn på Børve, seier Holten og legg til at området i Lofthus er svært intensivt drevet, med større areal og fleire gardar der plantevernmiddel vert nytta.
På Sekse, som har konvensjonell drift, blei det registrert 104 individ og 19 artar. På Djønno, som òg driv konvensjonelt, blei det registrert 114 individ og 22 artar.
Ifølgje NIBIO-forskaren ser resultata ut til å spegle korleis drifta går føre seg. Det kan også handle om leveområde og habitatkvalitet, altså kor mange ulike leveområde og naturtypar som finst.
– I Lofthus er det nok mindre kantvegetasjon mellom felta og mindre variert natur, og her finn vi òg færrast insekt. I dei økologiske områda og på Djønno er naturen meir variert, påpeikar Holten.
Grov gjennomgang
Forskarane ønskjer førebels ikkje å trekkje konkrete konklusjonar.
– Men vi har gjort ein grov gjennomgang av resultata, og nivåa av restar av plantevernmiddel ser ikkje ut til å overstige giftnivå som er kjende frå andre pollinerande insekt.
På Børve hadde 93 prosent av flugene minst éi påvising av plantevernmiddel. I dei tre andre områda hadde alle analyserte fluger restar av plantevernmiddel.
– Det er altså nesten 10 prosent skilnad mellom Børve og dei andre lokalitetane.
Dei fann òg færre ulike plantevernmiddel per prøve i Børve. Der var det i gjennomsnitt tre middel per prøve mens det i dei andre områda var over fire middel i gjennomsnitt per prøve.
Ingen teikn til akutt giftverknad
Sjølv om dei fleste flugene vi samla inn hadde rester av plantevernmiddel, var nivåa så låge at det ikkje ga akutte skadar på desse flugene. Alle flugene levde jo heilt til dei vart fanga i fellene våre. Det utelukkar likevel ikkje at andre fluger har døydd av eksponeringa.
– Målet med prosjektet er å undersøkje om nivåa av plantevernmiddel som finst i naturen kan vere giftige for blomsterfluger og andre pollinatorar. Den første screeninga tyder altså på at nivåa stort sett er så låge at dei ikkje er akutt giftige.
Påverke åtferd
Forskaren viser samstundes til studiar på honningbier og humler, der eksponering for plantevernmiddel mellom anna har vist seg å påverke åtferda.
– Bier kan til dømes få problem med å finne tilbake til kuben. Hos enkelte ville pollinerande insekt er det òg sett at eksponerte individ luktar annleis og ikkje blir sleppte inn att. Dette gjeld særleg spesifikke insektmiddel som er undersøkte tidlegare, fortel han.
Forskarane fann også spor av eldre plantevernmiddel og nedbrytingsprodukt i prøvane, noko som viser at slike stoff kan bli verande lenge i miljøet.
Samanhengar
Prosjektet ser òg på samanhengen mellom jord, blomstrande vegetasjon og vatn i dei same områda.
– Blomsterflugene lever på blomstrande vegetasjon, men nokon har òg livsstadium i vatn. Difor heng alle desse miljøa saman. Flugene kan bli eksponerte for plantevernmiddel både gjennom vatn, vegetasjon og jord.
I vassprøvane finn forskarane som regel låge nivå som sjeldan blir vurderte som miljøfarlege. Enkelte funn har likevel vore giftige for vasslevande organismar, men dette verkar å skje sjeldan.
– I to bekkar i Lofthus fann vi eitt år prøvar som overskreid grenseverdiar, medan vi ikkje fann tilsvarande nivå året etter.
Forskarane finn høgare konsentrasjonar i drensavrenning, noko som kan vere problematisk dersom avrenninga endar opp i akvatiske miljø.
– I Lofthus går mykje av vatnet raskt ut i fjorden og blir fortynna, medan dammar og bekkar på Austlandet kan vere meir sårbare, framhevar Holten.
Finn plantevernmiddel også i lufta
Prosjektet undersøker òg eksponering via luft. Ved hjelp av passiv prøvetaking finn forskarane plantevernmiddel i luftprøvar i samband med blomsterflugeprosjektet.
– Vi arbeider vidare med å sjå nærare på kor mykje som finst, men resultata viser allereie at plantevernmiddel blir påviste i luftprøvar omtrent overalt der vi leitar. Så det førebels inntrykket er at «pesticides are all around us,» seier Holten.
Nøkkelord
Kontakter
Roger HoltenNIBIO / Divisjon for bioteknologi og plantehelse
Tel:(+47) 915 92 762roger.holten@nibio.noBilder







Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Hvor mye energi kreves for å produsere maten vår?24.6.2026 13:36:52 CEST | Pressemelding
Det går med rundt 0,3 kilowattimer for å produsere en liter melk, mens en kilo kalkunkjøtt krever nær ni ganger så mye energi. Nye beregninger fra NIBIO viser store forskjeller i energibruken mellom ulike jordbruksproduksjoner.
Fann karanteneskadegjerar i eigne tomatar23.6.2026 13:24:34 CEST | Pressemelding
Ein alvorleg karanteneskadegjerar vart i fjor påvist i tomatar i ein privathage. Funnet understøtter at også hobbydyrkarar kan få inn plantesjukdommar gjennom importerte tomatfrø, og at slike smittestoff kan utgjere ein risiko for norsk tomatproduksjon.
Framtidas VIPS skal gi råd til kvar enkelt åker22.6.2026 13:23:20 CEST | Pressemelding
Under Plantehelsedagen 2026 diskuterte forskarar, rådgjevarar og bønder korleis VIPS må utviklast for å møte framtidas utfordringar. Kunstig intelligens, dronar og sensorar kan gjere framtidas varslingsteneste langt meir presis enn den er i dag.
Kan genredigering redde jordbær fra rød marg?19.6.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
Plantesykdommen rød marg er en økende trussel mot norsk jordbærproduksjon. Forskere ved NIBIO ønsker nå å bruke CRISPR-genredigering for å utvikle mer resistente jordbærsorter som kan tåle sykdommen bedre.
Nå blir genredigering lovlig i EU18.6.2026 12:32:02 CEST | Pressemelding
EU vedtok 17. juni et nytt regelverk som åpner for bruk av genredigering som CRISPR i planteforedling. Når reglene trer i kraft, vil genredigerte planter uten fremmed DNA bli regulert på lik linje med konvensjonelt foredlede planter. Dermed kan genredigerte matvarer komme på markedet i Europa i løpet av få år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom