Khemiris suksessroman i storformat
31.8.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.

SØSTRENE
av Jonas Hassen Khemiri
URPREMIERE LAURDAG 5. SEPTEMNBER KL. 17.00
HOVUDSCENEN
Den forførande oppvekstskildringa om dei tre søstrene og forteljaren Jonas tek publikum med på ei reise tilbake til 80-åra og opp gjennom barndom, ungdom, tidleg vaksenliv fram til midten av livet på 2020-talet. Forteljaren er oppslukt av og diktar seg inn i dei tre søstrene Ina, Evelyn og Anastasia sine liv. Ei organisert søster, ei slåande vakker søster og ei grenselaus søster. Han kjente den eine av dei ein gong, og dei deler den same svensk-tunisiske familiebakgrunnen. Er det derfor han kjenner ei slik djup tilknyting til dei? Kven er dei eigentleg? Og kvifor kviler det ei forbanning over livet deira? I spennet mellom Sverige, Tunisia og New York, frå 1980-åra til i dag, gjennom fakta og fiksjon, blir det spunne eit nett der forteljinga og sanningane stadig endrar seg.

Forteljing i det store formatet
Regissør Maren Bjørseth har tidlegare hatt regien for produksjonar som Prima Facie, Nei og atter nei, Leksikon om lys og mørke, Mi briljante venninne og Lehmantrilogien, for å nemne nokre. Ho kallar Søstrene ein lesefest, og håpar publikum vil oppleve romanen i storformat. Søstrene blir ei pulserande og musikalsk forteljing om identitet, tid og kven vi er eller vil vere for kvarandre.
Desse står på scenen

Nader Khademi er Jonas
Nader Khademi blei kjend for ein heil nasjon da han hadde rolla som Einar Førde i NRK-serien Makta. Denne gongen rører han seg også i autofiksjonen i rolla som forteljaren Jonas, som har store likheitstrekk med forfattaren Jonas Hassen Khemiri.

Elpida Stojcevska er Ina
Den nyslåtte TV-stjerna Elpida Stojcevska debuterer som teaterskodespelar i rolla som storesøster og "den flinke jenta" i flokken. Elpida prega skjermane i dei tusen heimar i vår da ho brakdebuterte i hovudrolla i NRK-serien LIS. 26. september kjem sesong 2.

Natalie Bjerke Roland er Evelyn
Som den mellomste, vakre søstera finn vi Natalie Bjerke Roland. Ho har tidlegare vore knytt til Oslo Nye Teater og mellom anna spelt rolla som Evita i musikalen Evita der. På Det Norske Teatret har ho spelt mellom andre Donald Trump i Europavisjonar og Pippi i Pippi på sirkus. Frå TV-skjermen er ho m.a. kjend frå TV2-serien Fling, og på NRK var ho å sjå i Rådebank.

Hibba Najeeb er Anastasia
Hibba Najeeb har rolla som den yngste og villaste søstera. Ho debuterte som skodeselar i Ord for blod ved Det Norske Teatret/Riksteatret i fjor, og har sidan også spelt i framsyninga Gjenferdet inn her på Det Norske Teatret. På TV-skjermane har ho vore å sjå i mellom andre seriane Skitten snø, Alt du elsker og MILF of Norway (MAX). For tida er ho også aktuell i Sogn murders.
Andre roller

Fleire foto blir publiserte her etter kvart.
Nøkkelord
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noBilder

























Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.
Frå guttastemning til fascisme5.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Army boots, skinhead, bomberjakke og bøllete oppførsel. Før kunne ein kjenne ein rasist når ein såg han. I dag er rasisten forkledd i pene klede, gode formuleringar, konspirasjonsteoriar og statistikk som passar. Dette er den nye fascismen, og landskapet framsyninga «Gutta» ønskjer å undersøke.
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom