Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar
9.10.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn.
Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.

CABARET
Manus av Joe Masteroff, musikk av John Kander og songtekstar av Fred Ebb
PREMIERE LURDAG 17. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN
I sentrum for det heile står Sara Khorami i rolla som Sally Bowles. Khorami har for lengst blitt eit kjent namn innan film, TV og teater. No er ho premiereaktuell både i Netflix-serien Legevakta - og for første gong som musikalskodespelar i den legendariske musikalen Cabaret. Det har kosta utallige timar i dansestudio og hos røystepedagog, men no er Sara Khorami endeleg klar for å innta rolla som ein fullblods cabaretartist.

Når ho dansar inn på scenen som Sally Bowles har ho eit orkester med trøkk, eit kobbel av elegante dansarar og eit knallsterkt skodespelarensemble i ryggen. Rolla som forfattaren Cliff Bradshaw blir spelt av Emil Johnsen. Preben Hodneland er den gåtefulle konferansieren Emcee, Frank Kjosås er smuglaren og nazisten Ernst Ludwig medan Gjertrud Jynge er den pragmastiske pensjonateigaren Fraulein Schneider. Saman skal dei formidle ei historie som dessverre framleis er aktuell.
Hedonisme og seksuell frigjering
På den dekadente Kit Kat Klub i 30-åras Berlin blir livet levd hardt og ingenting er tabu. Hit kjem Cliff Bradshaw, kastar seg inn i Berlins heftige natteliv og forelsker seg straks i den vakre nattklubbsongarinna Sally Bowles, men det blir ikkje ukomplisert. Medan festen blir stadig heftigare på Kit Kat Klub, strammar nazistane grepet rundt dei.

Snevrare livsrammer
For Khorami er spenninga ikkje berre knytt til om dansetrinna og songane sit som dei skal. Ho tenkjer også på sine søstrer i moderlandet. Ho kjenner ein stad der Kit Kat Klub aldri kunne ha eksistert:
- Ein stor del av meg tenker mykje på det med fridom og ufridom. I Iran er det ikkje lov for kvinner å synge solo.
LES MEIR
Men også i den vestlege verda er minoritetar under press, hatretorikken florerer og rammene for korleis folk kan leve liva sine har mange stader blitt skrenka inn dei seinare åra. Cabaret viser korleis det ekstreme gradvis blir normalisert og korleis folk flest, som Sally Bowles, lukkar auga for utviklinga i samfunnet til det er for seint å gjere motstand.

Store og små rom
Publikum skal bli tatt med til 30-åras hippaste hovudstad, Berlin. På dreiescenen møter salen dei nærast filmatisk detaljerte scenografiske romma til scenograf Sven Haraldsson; ein togkupè, ein butikk, ein sliten leilegheit og den røykfylde Kit Kat Klub, så klart. Her kan ein få med seg både det store bildet med eksplosive showopptrinn signert koreograf Silas Henriksen, og dei heilt nære bilda fanga på kamera av videregissør Mads Sjøgård Pettersen. Sjangerblandinga av film og teater har blitt eit varemerke for regissør og teatersjef Kjersti Horn, og det har ho for første gong med seg inn i musikalen.

Det vil bli lagt ut fleire foto i presserommet nærmare premieren.
Nøkkelord
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noBilder



Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Frå guttastemning til fascisme5.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Army boots, skinhead, bomberjakke og bøllete oppførsel. Før kunne ein kjenne ein rasist når ein såg han. I dag er rasisten forkledd i pene klede, gode formuleringar, konspirasjonsteoriar og statistikk som passar. Dette er den nye fascismen, og landskapet framsyninga «Gutta» ønskjer å undersøke.
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom