NVE held offentleg informasjonsmøte om ny kraftleidning i Eidfjord kommune
26.11.2026 10:40:06 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Indre Hordaland Kraftnett AS (IHK) har søkt om konsesjon for ein ny kraftleidning mellom Sima, Klyve og Bu transformatorstasjonar i Eidfjord kommune. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt saka på høyring, og vi inviterer no til eit offentleg informasjonsmøte på Vøringfoss Hotel den 8. desember 2026.

Høve for spørsmål
I samband med høyringa av søknaden inviterer NVE alle interesserte til eit offentleg informasjonsmøte torsdag 8. desember frå klokka 19:00 til 21:00 på Vøringfoss Hotel, Ostangvegen 20. Føremålet med møtet er å informere om planane og gje informasjon om korleis ein kan sende inn fråsegn til saka. Dei frammøtte vil få høve til å stille spørsmål om prosjektet til NVE og IHK.
Dette søkjer IHK om
Indre Hordaland Kraftnett har søkt om ein rekke tiltak for å styrke kapasiteten i regionalnettet i området. Tiltaka vil lause utfordringar med forsyningstryggleiken, og gje moglegheiter for at større forbruk og ny produksjon kan knytte seg til straumnettet.
IHK søkjer om å byggje ein ny 132 kV (kilovolt) forbindelse mellom Sima, Klyve og Bu transformatorstasjonar i Eidfjord kommune. På dei ulike strekningane, søkjer dei om følgande ulike alternativ:
- jordkabel mellom Sima transformatorstasjon og Stavanesodden
- luftleidning eller jordkabel mellom Stavanesodden og Leirvikane
- luftleidning mellom Leirvikane og Hæreid
- jordkabel eller to ulike alternativ for luftleidning mellom Hæreid og Insta-Horni
- luftleidning mellom Insta-Horni og Klyve transformatorstasjon
- jordkabel eller luftleidning mellom Klyve og Rossanes
- jordkabel eller luftleidning mellom Rossanes og Erdal
- luftleidning mellom Erdal og Ytre Brimnes
- luftleidning mellom Ytre Brimnes og Indre Bu
- jordkabel eller to ulike alternativ av luftleidning mellom Indre Bu og Bu transformatorstasjon
IHK søkjer samstundes om følgande:
- Utviding av Klyve og Bu transformatorstasjonar
- Riving av dagens sjøkabel mellom Sima og Kalvanes og dagens 50 kV luftleidning mellom Kalvanes, Klyve og Bu
Send ditt fråsegn til saka
NVE har sendt saka på offentleg høyring, og alle som har meiningar om IHKs planar, kan uttale seg innan høyringsfristen 11. januar 2027.
Høyringsinnspel kan du sende via skjema for høyringsfråsegn som du finn på saka si nettside, via e-post til nve@nve.no eller i brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo.
Nøkkelord
Kontakter
Lars August Osmundsensakshandsamar
Tel:22959210laos@nve.noAnne Marte Scheisakshandsamar
Tel:22959887amas@nve.noLenker
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE held offentleg informasjonsmøte om ny kraftleidning mellom Ørsta og Bjørke26.11.2026 10:22:16 CET | Pressemelding
Linja AS har søkt om konsesjon for ein ny kraftleidning mellom Ørsta transformatorstasjon og ein ny transformatorstasjon på Bjørke i Volda kommune. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt saka på høyring, og vi inviterer no til eit offentleg informasjonsmøte i Volda samfunnshus den 3. desember 2026.
Norgespris: RME ber bransjen nå bedre ut til kunder i leilighet og med lavt strømforbruk24.11.2026 13:35:37 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) anbefaler bransjen å målrette informasjonen om Norgespris mot kunder som bor i leilighet eller bruker lite strøm. Anbefalingen bygger på en kundeundersøkelse som samtidig viser at informasjonsarbeidet i hovedsak har fungert godt.
Vannkraftprodusenter skal betale 851 millioner til kommunene i konsesjonsavgift23.11.2026 10:58:12 CET | Pressemelding
Hvert år må norske vannkraftprodusenter betale konsesjonsavgift til staten og kommunene som blir berørt av kraftutbyggingen. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har nå inflasjonsjustert avgiftene for 2026. Totalt skal norske vannkraftprodusenter utbetale over 1 milliard til staten og kommunene innen utgangen av året.
Elvia får bygge ny kraftledning mellom Dokka og Gjøvik20.11.2026 09:50:04 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Elvia AS konsesjon til å bygge ny kraftledning på 132 kilovolt mellom Dokka og Gjøvik i Innlandet. Ledningen er 30 kilometer lang og skal bygges parallelt med dagens ledning, som skal rives.
NVE og Nordsyn avdekket feilmerket energieffektivitet på varmepumpe19.11.2026 10:02:46 CET | Pressemelding
En nylig utført kontroll av varmepumpen FoxAir GL-22-3 viser at den har betydelig lavere energieffektivitet enn oppgitt på energietiketten. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt saken til polske myndigheter for videre oppfølging.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom