Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE held offentleg informasjonsmøte om ny kraftleidning mellom Ørsta og Bjørke

26.11.2026 10:22:16 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del

Linja AS har søkt om konsesjon for ein ny kraftleidning mellom Ørsta transformatorstasjon og ein ny transformatorstasjon på Bjørke i Volda kommune. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt saka på høyring, og vi inviterer no til eit offentleg informasjonsmøte i Volda samfunnshus den 3. desember 2026.

Foto: Norconsult
Foto: Norconsult

Høve for spørsmål 

I samband med høyringa av søknaden inviterer NVE alle interesserte til eit offentleg informasjonsmøte torsdag 3. desember frå klokka 19:00 til 21:00 i Volda samfunnshus, Storgata 14 i Volda kommune. Føremålet med møtet er å informere om planane og gje informasjon om korleis ein kan sende inn fråsegn til saka. Dei frammøtte vil få høve til å stille spørsmål om prosjektet til NVE og Linja AS. 

Dette søkjer Linja om 

Den nye 132 kV kraftleidninga Linja AS søkjer om er om lag 20 km lang, og skal erstatte dei to eksisterande 66 kV kraftleidningane mellom Tussa transformatorstasjon i Ørsta kommune og Haugen transformatorstasjon i Volda kommune. Linja AS grunngjev søknaden med at den konsesjonsgitte oppgraderinga av Tussa kraftverk på Bjørke krev ei oppgradering av straumnettet. Det skuldast at dagens 66 kV kraftleidningar er gamle og ikkje dimensjonert for å frakte så mykje straum. Linja planlegg å rive dagens leidningar når den nye er satt i drift. 

Linja AS søker samstundes om å byggje ein ny transformatorstasjon på Flotane på Bjørke i Volda kommune. 

Send ditt fråsegn til saka 

NVE har sendt saka på offentleg høyring, og alle som har meiningar om Linjas planar, kan uttale seg innan høyringsfristen 8. januar 2027.    

Høyringsinnspel kan du sende via skjema for høyringsfråsegn som du finn på saka si nettside, via e-post til nve@nve.no eller i brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo.   

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye