Gazaliv og Palestinaprogram
12.2.2026 11:41:16 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
«Et must for å forstå Gaza», skreiv Dagbladet om dokumentarromanen til Marte Heian-Engdal da ho kom ut i 2024. I kveld blir boka overført til scenen når Gazaliv – eit iscenesett føredrag får premiere på Scene 3. Det skjer under paraplyen Palestina-programmet - faglege og kunstnarlege arrangement som på ulike måtar handlar om Midtausten og kunstens kraft.

GAZALIV
av og med Marte Heian-Engdal
PREMIERE TORSDAG 12. FEBRUAR KL. 19.00
SCENE 3
Gjennom det iscenesette foredraget Gazaliv vil publikum få innblikk i ein av verdas mest langvarige og fastlåste konfliktar. Marte Heian-Engdal, historikar og ein av Noregs mest anerkjende ekspertar på konflikten mellom Israel og Palestina, fortel historia om bonden Abdul Malik og familien hans i byen Yibna, som ligg i det britisk-kontrollerte området som heiter Palestinamandatet.
På scenen står Marte Heian-Engdal sjølv, i lag med skodespelar Vetle Bergan og musikar Peter Baden. Regien er ved Ingrid Weme Nilsen.
Palestinaprogrammet

I samband med oppsetjinga av Gjenferdet inn av Isabella Hammad, blir Scene 3 i perioden fram mot påske dedikert til ei undersøking av dei store spørsmåla om Midtausten. Kva er det historiske bakteppet for krigen mellom Israel og Palestina? Korleis skal verda reagere på den endelause straumen av grufulle nyheiter frå Gaza?
Det Norske Teatret har invitert ulike aktørar, ekspertar, kunstnarar, komikarar og journalistar til ulike arrangement som vil kaste lys over mange sider av konflikten. Det blir også barneteater, filmvising og trommekurs for barn!
Sjå heile programmet her.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder















Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.
Frå guttastemning til fascisme5.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Army boots, skinhead, bomberjakke og bøllete oppførsel. Før kunne ein kjenne ein rasist når ein såg han. I dag er rasisten forkledd i pene klede, gode formuleringar, konspirasjonsteoriar og statistikk som passar. Dette er den nye fascismen, og landskapet framsyninga «Gutta» ønskjer å undersøke.
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom