Søkelyset på Palestina
29.1.2026 07:00:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
I samband med framsyninga Gjenferdet inn blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengselssong og vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.

Gjenferdet inn: Når det politiske blir personleg
På Det Norske Teatret er det Seda Witt som skal bere hovudrolla i teaterversjonen av Isabella Hammads kritikarroste roman Gjenferdet inn. Da romanen kom ut i 2023, fekk han strålande kritikkar. Her opplever hovudkarakteren korleis det ho aldri har brydd seg om, eller alltid har skuva vekk - kven ho er og kor ho kjem ifrå - blir både politisk og personleg.
GJENFERDET INN
av Isabella Hammad
Noregspremiere fredag 6. februar kl. 19.00
Scene 3
Den britisk-palestinske skodespelaren Sonia har reist til farens heimland for å besøke søster si som arbeider ved Universitetet i Ramallah. Ho vil vekk frå karrierejaget ved Londons teater, vekk frå eit trøblete kjærleiksliv og kanskje frå seg sjølv? Men ho kjem raskt i kontakt med teatermiljøet på Vestbreidda, og blir gradvis involvert i ei oppsetjing av Hamlet.
Kva og kven er gjenferda for Sonia, og kva prøver dei å seie? I bakgrunnen ulmar demonstrasjonar, kulturkonfliktar, verkande familiehistorier, politiske konfliktar og ei verd i endring. Både historia og det politiske angår henne plutseleg på ein måte ho aldri har opplevd før.
Isabella Hammad

Forfattar av romanen Gjenferdet inn, Isabella Hammad, har sjølv familiebakgrunn frå området, men er født og har vakse opp i eit palestinsk nabolag i London. Romanen blei skrive før 7. oktober 2023. Handlinga utspelar seg sommaren 2017, idet det blei innført tiltak som ikkje hadde vore sett i verk sidan den andre intifadaen.
Les Isabella Hammads artikkel om korleis kunst kan skape endring.
Seda Witt

Skodespelar Seda Witt har fleire gonger laga teater av andre sine liv, men aldri snudd spotlighten over på si eiga historie. I alle fall ikkje på denne måten. For i vår blir det personleg.
LES MEIR
Serhat Yildirim

- Til no har eg kanskje vore litt type-casta. Men denne gongen skal eg vere nokon som er heilt annleis enn meg sjølv, seier Serhat Yildirim, som er kjent frå TV og film frå før. No skal han vere skodespelaren som skal spele Hamlet - men som eigentleg er ei palestinsk popstjerne.
LES MEIR
Solidaritetskonsert: Lengselssong og vinterstorm

LENGSELSSONG OG VINTERSTORM
Solidaritetskonsert for Palestina
Laurdag 7. februar kl. 19.15
Hovudscenen
Maja Ratkje, Nils Bech, Sjur Miljeteig, Fela, Gatas Parlament, Nawar Alnaddaf og Emilie Nicolas er mellom dei som står for det musikalske følgjet denne kvelden. I tillegg blir det mellom anna framført tekstar av scenekunstnar Ali Abu Yassin frå Gaza og forfattar Akram Musallam frå Vestbreidda, det vil bli palestinsk folkedans, dabke og poesi ved Rana Issa. Med fleire overraskingar. Inntektene denne kvelden går til Palestine Performing Arts Network.
Kyrre Hellum

Skodespelar Kyrre Hellum er initiativtakar til solidaritetskonserten, men skal også spele ein palestinsk skodespelar i Gjenferdet inn. Han har sjølv erfart kor vanskeleg det kan vere å drive med kunst i Palestina.
LES MEIR
Iscenesett foredrag: Gazaliv

GAZALIV
av og med Marte Heian-Engdal
Urpremiere torsdag 12. februar kl. 19.00
Scene 3
«Et must for å forstå Gaza», skreiv Dagbladet om dokumentarromanen Et Gazaliv av Marte Heian-Engdal, historikar og ein av Noregs mest anerkjende ekspertar på konflikten mellom Israel og Palestina. No blir forteljinga om bonden Abdul Malik og familien hans på Gaza til eit tilgjengeleg og iscenesett foredrag.
Under overskrifta Palestinaprogrammet blir det snart offentleggjort fleire samtalar, foredrag, konsertar, gjestespel som på ulike måtar handlar om Midtausten og kunstens kraft.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder


























Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.
Frå guttastemning til fascisme5.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Army boots, skinhead, bomberjakke og bøllete oppførsel. Før kunne ein kjenne ein rasist når ein såg han. I dag er rasisten forkledd i pene klede, gode formuleringar, konspirasjonsteoriar og statistikk som passar. Dette er den nye fascismen, og landskapet framsyninga «Gutta» ønskjer å undersøke.
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom