Klage gir forseinka oppstart for første tunnelkontrakt i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle
9.11.2026 13:20:34 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Oppstart på den første tunnelkontrakten blir forseinka på grunn av klage frå ein av tilbydarane. Planlagt byggestart for prosjektet blir forskjøvet frå 2026 til 2027.

Den 16. oktober meldte Fellesprosjektet Arna–Stanghelle at Hæhre Entreprenør AS var tildelt den første tunnelkontrakten for anleggstunnelar, sjakter og førebuande arbeid langs E16 mellom Arna og Stanghelle. Kontrakten har ein verdi på om lag 1,3 milliardar kroner utan meirverdiavgift. Fredag førre veke vart det klart at Skanska Entreprenør AS i arbeidsfellesskap med Vassbakk & Stol AS har klaga på tildelinga og kravd midlertidig forføying. Det betyr at kontrakten tidlegast kan signerast etter at saka har vore oppe i Oslo tingrett.
– Kva tid saka kjem opp for retten er ikkje avklara. Det betyr at byggestart for prosjektet først kan skje tidleg i 2027, seier prosjektleiar Kari Bremnes.
Utfallet i retten vil avgjere kor lang forseinkinga blir. Arbeidet skulle etter planen starte opp i desember i år.
Fakta:
- Kontrakten omfattar tre anleggstunnelar på til saman 3,7 kilometer, kvar med ein eigen bergsjakt til Sørfjorden.
- Anleggstunnelane ligg på Romslo, Langhelleneset og Gamle Fossen.
- Tunnelane skal brukast til å frakte og deponere tunnelstein frå bygginga av dei nye veg- og jernbanetunnelane.
- Kryssområdet på Trengereid skal leggast om.
- Det skal byggjast midlertidige rundkjøringar på dagens E16 ved Romslo, Rødberg, Langhelleneset, Fossneset og Dalehagen, for å sikre av- og påkøyring til anleggsområda.
- Strekninga er skredutsett, og det må gjennomførast omfattande skredsikring før delar av anleggsarbeidet kan starte.
- Arbeidet skal skje tett på dagens E16, og trafikantane må rekne med redusert framkomst og lengre reisetid.
Nøkkelord
Kontakter
Kari BremnesFellesprosjektet Arna-Stanghelle
Tel:95253159kari.bremnes@vegvesen.noBilder


Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Nytt kjøremønster i Kvadraturen10.11.2026 16:44:00 CET | Pressemelding
Pullertene i Rådhusgata heves 17. november og gata stenges for gjennomkjøring. Flere gater i Kvadraturen får ny kjøreretning, og syklistene får tryggere ruter.
Risa AS skal bygge nye rv. 70 Fale bru10.11.2026 11:53:13 CET | Pressemelding
Arbeidet med å bygge den nye brua over elva Driva i Sunndal kommune starter i desember.
Skal gjere det enklare å utbetre meir veg10.11.2026 11:31:15 CET | Pressemelding
Vegvesenet gjer det tydelegare kva krav som gjeld når eksisterande vegar skal utbetrast. Målet er tryggare løysingar og betre bruk av pengane.
Sykkelveg med fortau ferdig: Tryggare for mjuke trafikantar mellom Universitetskrysset og Sognsveien i Oslo10.11.2026 09:47:44 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har ferdigstilt den nye sykkelvegen med fortau langs Ring 3 mellom Universitetskrysset og Sognsveien i Oslo. Det gir gåande og syklande eit tryggare og betre tilbod, og er eit nytt steg i satsinga på sykkel i hovudstaden.
Omfattande tiltak skal sikre E136 gjennom Sjøgata i Ålesund9.11.2026 12:48:36 CET | Pressemelding
E136 gjennom Sjøgata er trygg å bruke. No blir belastninga redusert og arbeidet med ein midlertidig veg er forsert.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom