Statens vegvesen

Skal gjere det enklare å utbetre meir veg

10.11.2026 11:31:15 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Vegvesenet gjer det tydelegare kva krav som gjeld når eksisterande vegar skal utbetrast. Målet er tryggare løysingar og betre bruk av pengane.

Vegarbeid på ein svingete veg gjennom eit grønt landskap. Eit mellombels trafikklys viser raudt, og raude og gule markeringsskilt leier trafikken forbi arbeidsområdet.
Den reviderte vegnormalen N100 gjer det tydelegare korleis eksisterande vegar kan utbetrast med løysingar som er tilpassa vegen og dei lokale forholda. Silje Drevdal Statens vegvesen

Ei revidert utgåve av N100 Veg- og gateutforming er no klar. Eit viktig mål med revisjonen er å gjere det tydelegare kva handlingsrom vegmyndigheitene har når eksisterande vegar skal utbetrast.

Det betyr at ein i større grad kan tilpasse løysingane til vegen som allereie ligg der, i staden for automatisk å leggje dei same krava til grunn som når ein byggjer heilt ny veg.

– Når vi utbetrar ein eksisterande veg, er det ikkje alltid nødvendig eller føremålstenleg å stille dei same krava som når vi byggjer heilt ny veg. Vi må kunne finne gode og trafikksikre løysingar ut frå vegen som faktisk ligg der, seier Arne Meland, leiar for Vegutformingsavdelinga i Statens vegvesen. 

Kan få meir veg for pengane

Å byggje om ein eksisterande veg til same standard som ein heilt ny veg kan bli kostbart og føre til store inngrep. Den reviderte normalen gjer det tydelegare at det er mogleg å bruke ein tilpassa utbetringsstandard. Krava til trafikktryggleik og fagleg forsvarlege løysingar ligg fast.

– Målet er ikkje å byggje dårlegare veg. Målet er å bruke ressursane klokt, slik at vi kan utbetre meir av vegnettet og samtidig ta vare på trafikktryggleik og framkome, seier Meland.

Kor stor den økonomiske gevinsten kan bli, vil variere frå prosjekt til prosjekt og vere avhengig av lokale forhold.

Finne dei rette løysingane med KI

Statens vegvesen skal òg lage ei eiga rettleiing for utbetring av eksisterande vegar. Ho skal gjere det enklare å vurdere kva løysingar som kan brukast, og korleis krava skal forståast i praksis.

Samtidig arbeider Vegvesenet med hyppigare revisjonar og digitalisering av regelverket. Vegnormalane har mellom anna fått KI-assistenten KIBOK, som hjelper brukarane med å finne relevante krav og forstå innhaldet i normalane.

– Vi skal ikkje berre forenkle regelverket. Vi skal òg gjere det enklare å finne fram i det og forstå kva krava betyr, seier Meland.

Neste revisjon av N100 skal mellom anna leggje større vekt på gater og løysingar for gåande og syklande. Planen er å sende denne revisjonen på høyring mot slutten av 2027.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Vegdirektoratet

* Vegdirektør
* Transportregelverk
* Teknologiutvikling
* Forhandlinger bypakker
* Overordnet styring og ledelse av Statens vegvesen
* Pressevakt også for divisjonene IT og Fellesfunksjoner

Tel:902 68 143pressevd@vegvesen.no

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye