Statens vegvesen

Sykkelveg med fortau ferdig: Tryggare for mjuke trafikantar mellom Universitetskrysset og Sognsveien i Oslo

10.11.2026 09:47:44 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Statens vegvesen har ferdigstilt den nye sykkelvegen med fortau langs Ring 3 mellom Universitetskrysset og Sognsveien i Oslo. Det gir gåande og syklande eit tryggare og betre tilbod, og er eit nytt steg i satsinga på sykkel i hovudstaden.

Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam klipper snora som markerer den offisielle opninga av den nye sykkelvegen.  Foto: Statens vegvesen
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam klipper snora som markerer den offisielle opninga av den nye sykkelvegen. Foto: Statens vegvesen

Strekninga er oppgradert til ei høgstandardløysing med sykkelveg på 4 meter og fortau på 2 meter. Strekninga har vore stengd i anleggsperioden, vart opna for trafikk 29. oktober. I dag var det offisiell opning med samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.

– Gode, trygge og samanhengande sykkelvegar er viktig for at fleire skal kunne velje sykkelen i kvardagen. Vi ser at stadig fleire syklar i Oslo, og då må vi sørgje for at dei kan komme seg rundt på ein trygg måte. Denne nye sykkelvegen gjer det enklare og tryggare å komme seg fram, og er eit godt døme på korleis vi kan få meir ut av infrastrukturen vi allereie har, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.

Satsing på sykkel i Oslo

Statens vegvesen jobbar for eit meir samanhengande og tryggare nett for gåande og syklande i Oslo, og særleg for å gjere det enklare og tryggare å sykle. Med stadig aukande sykkeltrafikk, er Ring 3 ein viktig del av dette arbeidet, og den nye strekninga er eit nytt og viktig bidrag.

– No har både syklande og gåande fått eit betre tilbod langs Ring 3. Med eigen sykkelveg og eige fortau får alle betre plass, og vi håpar med dette at endå fleire vel å sykle eller gå, seier seksjonssjef Dagmar Hoyer Statens vegvesen.

Tal frå Vegvesenets sykkelteljarar ved Tåsen, Valle Hovin og Smestad langs ring 3, viser 30 prosent auke i sykkeltrafikken sidan 2022.

Mykje sykkelveg langs Ring 3 dei siste ti åra

Sidan 2016 har Statens vegvesen planlagt og bygd 2,1 kilometer sykkelveg med fortau langs Ring 3, frå Holmenveien i vest og heilt fram til Ullevål stadion. Dette inkluderer gang- og sykkelbru ved Ris skule og gang- og sykkelbru ved Universitetskrysset og ved Ullevål stadion.

Strekninga langs Ullevål stadion er planlagd ferdigstilt i 2027. Då vil Statens vegvesen til saman ha bygd 2,6 kilometer sykkelveg med fortau langs Ring 3.

Statens vegvesen takkar for tolmodet i anleggsperioden, og oppmodar alle til å vise omsyn til kvarandre på den nye strekninga.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Samferdselsministeren i samtale med byggeleder Amir Hasic, seksjonssjef Dagmar Hoyer og prosjektleder Thorstein Hymer i Statens vegvesen. Foto: Statens vegvesen
Samferdselsministeren i samtale med byggeleder Amir Hasic, seksjonssjef Dagmar Hoyer og prosjektleder Thorstein Hymer i Statens vegvesen. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Samferdselsministeren i prat med helårssyklist Frank Tomlinson. Foto: Statens vegvesen.
Samferdselsministeren i prat med helårssyklist Frank Tomlinson. Foto: Statens vegvesen.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye